Fisk, Middag, Tilbehør
Comments 2

Laks med ostefrakk og bakte grønsaker


Ein salmalaks låg og venta på meg i kjøleskapet då eg kom heim.

Eg har allereie fortalt om dei gode ostane vi fekk med oss heim frå Roma? I dag vart det laks i ostefrakk, nærare bestemt pecorinofrakk.

Til laksen serverte eg bakte rotgrønsaker, som vart søte og gode av honning og balsamico. Dei kan brukast som tilbehør til mange ting, men sødma passar veldig godt til den salte og syrlege ostefrakken som laksebitane fekk på seg. Denne oppskrifta er til to personar. Slik gjorde eg det:

Gratinert laks

400 g laksefilet

50 g hard ost, pecorino, parmesan eller manchego går fint

2 ss smelta smør

1 ss strøkavring

Bakte rotgrønsaker:

4 gulerøtter

1 pastinakk

6 sjalottløkar

2 ss balsamico

1 dl vatn

2 ss smør eller olivenolje

1 ts honning

Salt og peppar

Set steikeomnen på 210 grader. Rens og skrell grønsakene, og del dei i passe store bitar. La løkane vere heile. Ha alle grønsakene i ei eldfast form, og ha over vatn, balsamicoeddik, honning, smør, salt og peppar. Legg gjerne eit folielok over. Bak grønsakene i ein times tid, men fjern loket etter ein halvtime.

Skjer osten i skiver, då er det lettare å få den finmalt. Ha ost, smelta smør og strøkavring i ei lita matmølle, og køyr det til ein kornete masse. Legg lakseskivene på eit eldfast fat, og legg på ostemassen med ei skei. Sett laksen inn i omnen når det er 15 minutt igjen av steiketida til rotgrønsakene. La laksen få eitt par minutt under grillen mot slutten for å gje osten ein fin, gyllen farge. Vi hadde restepoteter til, men her er rikeleg med grønsaker til to utan poteter og.

This entry was posted in: Fisk, Middag, Tilbehør

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Det ser kjempegodt ut! Men – hvis man vil ha saus til slikt, hva bør man gjøre da? Og, hvis man vil være skikkelig lavkarbofantast – kan man kutte ut strøkavringen uten at det blir et problem for frakkens konsistens?

    Likar

  2. Strøkavringen gir god konsistens, men du kan jo berre prøve. Eg følte ikkje behov for saus, det blir sjy av laksen og osten (utruleg nok) som smakar veldig godt. Eg ville vel kanskje gått for noko syrleg? Eplechutney, kanskje? Eg veit ikkje.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s