Bryllup, Fest, Kaker, Lykke, Noko søtt
Comments 6

Den store bryllupskaka


4. august gifta to av dei vakraste menneska eg kjenner seg, og gåva vår til dei var bryllupskaka.

Det har liksom blitt ein tradisjon, det at eg lagar bryllupskaka til vennar og kjente, og det er ei like stor glede kvar gong.

Denne gongen ynskte brudeparet seg ei marsipankake, og det fekk dei. Sidan det var vår gåve til dei var det naturleg å pynte den som ei gåve, med pakkeband, roser og det heile. Som dei fleste marsipankaker hadde denne sukkerbrødbotn. Den må lagast i omgangar, og har du to kjøkkenmaskiner som kan gå parallelt er det det beste. Du må også ha ei djup langpanneform, elles må den steike i veldig mange omgongar.

For å gjere dette slik at den er klar til du skal i vigsla må du byrje dagen før, og då bør du ha eit kjølerom til kaka over natta. Alternativet er å fylle den på sjølve dagen, men den vert saftigare og betre om den får stå med fyllet over natta. Vi budde midt i eit bringebærland, så vi fekk ha kaka i kjølerommet til bringebærbonden over natta.

Kaka vart pynta på ei spesiallagd plate som passa akkurat til eit bord familien hadde. Husk på at du må kunne flytte kaka på den flata du pyntar den på. Slik gjorde eg det:

Kakebotn:

6 egg

180 g sukker

120 g kveitemjøl

60 g potetmjøl

1/2 ts bakepulver

Sett omnen på 160 grader, ikkje varmluft.  Knekk egga i vispebollen, og ha i sukkeret. Pisk dette til stiv eggedosis, det tek gjerne 5-10 minutt. Bland saman det turre i mellomtida. Legg bakepapir i forma.

Ta bort vispen, og ta bollen av maskina. Bruk ein halv ballongvisp eller liknande, og vend mjølblandinga forsiktig skei for skei inn i eggedosisen. Hell røra i forma. Gjenta operasjonen (lag ei ladning til) til du har fylt opp langpanna. Steik kaka på 160 grader i ca. 35 minutt, på nederste rille. Blir det røre til overs kan du fylle det i ei brødform eller i ei lita langpanne. Det er fint å ha litt ekstra botn til å fylle på med når du held på.

Når kaka er steikt, tek du den ut av omnen og vender den på ei rist. La den kolne der, gjerne over natta. Del kaka i tre ved å skjere eit jamnt, vassrett kutt inn i kaka rundt heile kanten. Legg ein sterk sytråd inn i kuttet, og dra den fram og tilbake til du har delt frå øverste laget av kaka. Gjenta dette slik at du til saman har tre lag.

 Lag tre ladningar av denne kakerøra, det fyller ei høg langpanne på 30×40 cm. Gjenta det heile ein gong til viss du vil ha ei kake som er 60×40 cm. Den vi lagde var 70×80 cm, så eg kom ut av tellinga. Eg trur botnane til vår kake totalt inneheldt mellom 40 og 45 egg.
Fyll:
Bringebærmousse
1,5 kg bringebær
300 g sukker
2,5 liter kremfløte
30 (!!) gelatinplater
1 dl vatn
Rør bæra med sukkeret til bæra har løyst seg opp. Sil bærmassen gjennom eit såld slik at du vert kvitt alle frøa. Pisk kremfløten stiv. Legg gelatinplatene i bløyt i eit vidt fat, til dømes ei eldfast form. Når dei har blitt mjuke krystar du ut vatnet. Ha dei i ei gryte saman med 1 dl vatn. Set det på middels varme, og la gelatinen smelte. Det skal ikkje koke. Rør gelatinen inn i bærmassen. Vend saman bærmasse og kremfløte. Set moussen kaldt ein times tid. Den bør ikkje stå lenger, for den kan bli for stiv av gelatinen.
Kremfyll:
2 liter kremfløte
5 dl syltetøy, eg brukte jordbær og rabarbra-syltetøy, utan ingefær.
Pisk kremen ganske stiv. Vend inn syltetøyet. Smak om du syns det er passe, suppler eventuelt med ekstra syltetøy.
Del sukkerbrødbotnane i tre, og fordel dei på plata du skal ha kaka på. Legg på eit lag med syltetøykrem. Dekk dette laget med eit lag med sukkerbrød. Fordel bringebærmoussen over kaka. Legg på sukkerbrød igjen, slik at alt er dekka.
Pisk 2 liter kremfløte, vi piska to pakkar i gongen, med litt melis og vaniljesukker. Fordel kremen utanpå kaka.
Kjevle ut marsipan, vi brukte overtrekksmarsipan frå Pals. Lag loket i fire leivar, og klipp eller skjer bort det overflødige.
«Krøllane» lagde vi ved å elte inn 1 ts spiseleg lim i 300 g rosa marsipan. Så vart den kjevla ut, og eg skar ut strimlar med eit pizzahjul. Så tvinna eg strimlane lett, og la dei på eit steikebrett. Der låg dei til tørking over natta, og dagen etter var dei stive, men ikkje slik at dei knakk. Dei store krøllane vart laga av den same marsipanen, og snurra rundt glatte og rette glas. Endane vart festa med det same limet, og så vart det løsna frå glaset med ein skarp kniv dagen etter.
Rosene er lagde med rundingar som er lagde sidevegs over kvarandre, og så rulla saman. Rullen vert delt i to, og blada vert forsiktig bretta utover. Kalaene vart laga med eit hjerteform. Eg farga ein liten klump marsipan gul til støvberaren. Hjartet vart trykt ut i kvit marsipan. Støvberaren la eg i midten, og så rulla eg hjartet saman med spissen opp. Dei vart limt saman med vatn. All pynten er festa på kaka med spiseleg lim, sidan den skulle fraktast.

6 Comments

  1. Ser flott ut! God ide å lage bryllupskake som gave. Det er ellers ikke helt enkelt å finne på noe selvlaget å gi bort ved en slik anledning.

    Likar

  2. Glamourlegen says

    Heisann, den kaken så smaskens ut!

    Skulle gjerne tuslet ned på boksignering i dag, men reiser dessverre bort. Kanskje like greit, for selv om jeg er en latsabb på kjøkkenet så er jeg litt fan av skrivingen din, og hadde nok blitt litt starstruck hvis jeg hadde hilst på 🙂

    Likar

  3. Oddbjørg says

    Så fine kaka:) Har du laga sjokoladebryllupskaka? har du noken tips om kakestativ? Fryse ned og ta opp bryllupskake?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s