Kyllingrestane frå i går passar perfekt i ei søtpotetsuppe. Søtpotet har blitt veldig lett å få tak i, og er ein perfekt smaksbase for krydder, andre grønsaker og proteinar av ulikt slag. Denne varianten er ganske hot, kor hot den blir bestemmer du sjølv med mengda chiliflak.
Søtpotetsuppe er ein perfekt fellesmiddag for vegetarianarar og kjøttetarar. Server suppa i rause skåler, og ha eit eige garnityr som er utan kjøt eller fisk, t.d. rista nøtter, solsikkekjerner eller osteterningar.
Søtpotetsuppe
Ein raud løk
Ein stor søtpotet
1 ts hakka kvitløk
1 ts hakka ingefær
Fire gulrøtter
Ei klype chiliflak
2 ts tomatpuré
1 liter grønsakskraft
salt og peppar
200 g kyllingbitar
Smør eller olje til steiking
Varm opp olivenoljen i ei gryte. Rens løken, og kutt den i bitar. Skrell søtpoteten, og kutt den i terningar. Rens kvitløk og ingefær, og finhakk dei. Ha løken i gryta saman med ingefær, kvitløk, chiliflak og tomatpuré. La det frese til alt har fått fin farge, og det luktar godt. Ha i søtpotetterningane, og slå på kraft og fond. La suppa koke i femten minutt.
Har du bakt alle grønsakene på førehand, fresar du krydder, kvitløk og ingefær i olje, og har i tomatpuré. Så kokar du opp krafta, har i grønsakene og let det heile koke opp på nytt. Køyr suppa glatt med stavmiksar. Smak til med salt og peppar. Rist kyllingbitane raskt i smør i ordentleg varm steikepanne. Server suppa med rista kyllingbitar.