Grønt, Middag, Veggis
Leave a Comment

Kosemat

Sommaren er på hell, og det er tid for litt kosemat igjen.

I mi bok er kosemat alt som handlar om sjokolade, steikte poteter eller smelta ost, og i dag er det ost som er temaet. Vi var på ferie i USA i sommar, og hadde nokre fantastiske (og nokre mindre fantastiske) møte med amerikansk matkultur. Ein av mine favorittar er når eg får ein verkeleg vellaga mac’n cheese, altså ein makaronigrateng. Her er det osten som gjer susen, med kjedeleg ost vert retten kjedeleg, og omvendt.

Så grav igjennom kjøleskapet, og sjå om du har noko cheddar, feta, ridderost, parmesan eller vellagra jarlsberg liggande. Dess meir smaksrik dess betre. Er det mugg på så kan du skjere bort muggen viss det er ein fast ost. Eg brukte ei blanding av parmesan, cheddar og nokre uidentifiserbare bitar som nok vart med heim frå Italia i juni. Nokre kjøper kjøleskapsmagnetar som souvenirar frå utlandet, eg kjøper stinkande ostar.

Eg la som vanleg planar utan å sjekke matskapa, så det vart ikkje makaroni til gratengen. Det var vi tomme for. Derimot fann eg ein pakke fullkornsfusilli, og grove pastaskruar fungerte heilt utmerket i mac’n cheese.

Gratengen vart servert til kyllingfiletar som eg steikte i godt smør, og så ein salat med vassmelon og fetaost. Kombinasjonen mellom frisk og søt vassmelon og salt fetaost er berre knallgod. Prøv den så skal du få smake det. Møtet mellom det søte og det salte kan vere heilt fantastisk. Slik gjorde eg det:

IMG_5880 kopiVassmelon- og fetasalat

Vassmelon

Tomatar

Mynte

Fetaost

1-2 stilkar vårløk eller 2-3 cm purre

Ein neve ruccola

50 g pinjekjerner

Sitronsaft

Salt og peppar

Rens vassmelonen, og kutt den i terningar. Kutt opp mynte og vårløk, og sett til side. Rist pinjekjernene gylne med litt salt på tørr, varm steikepanne. Smuldre fetaosten. Rett før servering fordeler du melonbitane på ein vid tallerken, drysser over vårløk og mynte, og har på fetaost og pinjekjerner. Press over litt sitronsaft eller limesaft heilt til slutt, og ha på salt og peppar.

Denne salaten må ikkje leggast saman før rett før ein går til bords, elles vert smakane tynna ut. Du kan også lage denne salaten med andre typar melon. Det smakar annleis, men det blir like godt. Trikset er å balansere det friske, det salte og det søte mot kvarandre.

IMG_5884 kopiSmørsteikt kyllingfilet

Ca. 180 g kyllingfilet per person

Smør til steiking

Salt og peppar

2 dl eplejuice

Smelt smøret i varm panne, gjerne etter at du har rista pinjekjernene til salaten. Legg i kyllingfiletane, og salte og pepre dei i panna. Steik dei pent brune på kvar side. Ta dei ut og legg dei i ei eldfast form.

Kok ut steikepanna med eplejuice. Hell utkoket over kyllingfiletane i forma. La dei stå nederst i ovnen dei siste ti minutta saman med pastagratengen slik at dei vert gjennomsteikte.

IMG_5887 kopiMac’n cheese

3 dl makaroni eller annan pasta

3 ss smør

2 ss mjøl

3/4 liter mjølk

salt og peppar

1 ts sitronsaft

2 ts sennep, gjerne dijon

riven muskat

250 g riven ost, gjerne ulike typar

Sett omnen på 200 grader. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte, og rør inn mjølet. La det frese litt før du slår på mjølka. Rør flittig til det tjuknar og byrjar koke. La sausen koke i 5-10 minutt. Smak til med salt, peppar, muskat, sennep og sitronsaft. Vend inn osten, og rør til alt har smelta. Ikkje la sausen koke etter at osten har komt i. Sett sausen til side.

Kok opp ein liter vatn, og salt det godt. Ha i pastaen, og la den koke til den er knapt mør. Dersom det står 12 minutt på pakken, så la den koke i 10 minutt.

La pastaen renne av i eit såld. Vend den inn i sausen.

Ha blandinga i ei eldfast form med høge kantar, eller fordel den i småformer. Strø på litt ekstra ost, eller strøkavring viss du har. Steik den på 200 grader i 20-25 minutt til den er gyllen på toppen.

Server med smørsteikte kyllingfiletar og vassmelonsalat.

Leave a Reply