Av og til er ein sandwich nok som middag. Når eg har fått ein raus lunch på jobb, og resten av familien er ute på vift, treng ein ikkje så mykje meir.
Kylling er mild mat, så den treng godt med krydder, utan at krydderet tek heilt over. Eg vender både kyllingen og grønsakene i same kryddermarinaden.
Inni pitabrødet smører eg ein ostekrem, slik at det heile ikkje vert for tørt. Litt ruccola gjer at smaken vert litt skarpare og det er jo berre bra. Slik gjorde eg det:
Kyllingsandwich med bakte grønsaker
Ein kyllingfilet
Ein raud paprika
Ein liten fenikkel
Ein raud løk
2 ts paprika
1/2 ts peppar
1 ts timian
1 ts salt
3 ss olje
Ostekrem:
3 ss kremost
2 ss fløte
2 ts finhakka grasløk
Eit pitabrød
Varm ovnen til 200 grader. Pisk saman ingrediensane til ostekremen.
Bland saman krydder og olje til marinaden. Vend grønsakene i den, og legg dei i ei eldfast form. La dei bake i 20-30 minutt, til dei er møre.
Vend kyllingbrystet i marinaden, la det gjerne ligge litt. Varm opp litt olje i ei steikepanne, og steik det på begge sider til det er gyllent og fint. La det ettersteike litt i same form som grønsakene.
Snitt opp pitabrødet, og rist det i fem minutt i ovnen. Ta ut den eldfaste forma, og legg kyllingbrystet på ei fjøl. La det kolne litt før du snittar det skrått. Smør ostekremen i pitabrødet, og legg kyllingkjøttet i pitabrødet. Server sandwichen med dei bakte grønsakene, og nyt! 🙂