Fest, Kaker, Noko søtt
Comment 1

Loppemarknadsbakst – Toscakake


Her hos oss er loppemarknadane i full gang, og med dei følgjer det bugnande kakebord.

Alle bidreg med sin spesialitet, og det er artig å sjå alle gode kakene som vert sett fram frå kvar ein heim. I dag kjem eg med nokre forslag til kaker som gjer seg godt på eit loppekakebord, som smakar godt og som er lette å dele.

Det er nokre triks som er verd å ta med seg når ein bakar for sal. For det første må ein passe på at kaka er gjennomsteikt. Eg har skrapa rå kaker i søpla, det er like trist kvar gong. Eg brukar ein spagettipinne for å sjekke at kjernen i kaka eg har bakt er tørr. Sit det røre att på spagettipinnen treng kaka nokre minutt til.

For det andre er det lurt at dei som skal selge deler opp kakene. Dei veit kva prisar dei skal ta, og då veit dei kor store stykka bør vere. Ein må få valuta for pengane i loppekaféen, samtidig som det er praktisk å ha same pris på alle kakestykke. Då bør ein unngå å dele opp kaka heime. Det er også lettare å dele opp ei kake som har stått litt. Heilt nysteikte kaker smular lett, og klistrar seg til kniven.

Det er fint med variasjon, så bollar av ulike slag er alltid velkomment. Men pass på å la dei heve lenge nok, små gnaltrar er ikkje så spennande å kjøpe. Mykje kan reddast med eit melisdryss, men bollar som ikkje har heva står ikkje til å redde. Bollar og kanelbollar bør ha litt storleik, slik at dei som handlar føler dei får litt for pengane. Det same gjeld muffins. Dei minste muffinsformene gjer dessverre ikkje nytta. Eg brukar ofte dei amerikanske muffinsformene som du får mange stader, dei gir store og saftige muffins som ein kan ta godt betalt for utan å skjemmast.

Husk på at alle vanlege langpannekaker og formkaker også kan bakast som muffins. Dei treng høgare steiketemperatur og kortare steiketid, men røra kan altså vere den same.

I dag har eg laga ei klassisk toscakake. Den er kjempepopulær, bortsett frå brownies er det alltid toscakaka som vert raskast utselt. Mine oppskrifter i dag er til ei stor langpanne, då får du mange stykke, og god uttelling for innsatsen. Oppskrifta til toscakaka er eigentleg ei lys basisrøre som du kan smaksette som du vil. Slik lagar du toscakake:

IMG_5950 kopiToscakake

6 egg

6 dl sukker

2 dl rømme eller kesam

1 dl mjølk

9 dl kveitemjøl

4 ts bakepulver

250 g smelta smør

Sett omnen på 180 grader. Visp egg og sukker til eggedosis. Bland i rømme/kesam og mjølk. Bland mjøl og bakepulver, og sikt det i medan du rører jamt og trutt. Ha i det smelta smøret til slutt. Legg bakepapir i ei stor langpanne med høge kantar, og steik kaka på 180 grader i 20-25 minutt.

Til glasur:

150 g sukker

150 g smør

150 g hakka mandlar

2 ss kveitemjøl

4 ss mjølk

Medan kaka steiker første runde lagar du glasuren. Smelt smøret i ei gryte. Bland sukker, hakka mandlar og mjøl, og ha det oppi smøret. Ha i mjølka til slutt. La blandinga koke i 2-3 minutt medan du rører godt i botnen. Denne glasuren kan legge seg i grytebotnen viss du ikkje passar på.

Ta kaka ut, og brei over glasuren. Steik kaka på nytt i 10-15 minutt, slik at glasuren vert pent brun. Siste runde kan du godt sette kaka ei rille høgare i omnen. Følg med så glasuren ikkje vert brend. Sjekk med ein spagettipinne om kaka er gjennomsteikt.

Ta kaka ut, og la den kolne før du løfter den ut av forma. Denne kaka bør lagast dagen før den skal serverast. Elles er den veldig vanskeleg å skjere opp. Bruk ein skarp konditorkniv, og skjer med sagande tak gjennom karamelltoppen først.

Éin kommentar

  1. Tilbakeping: Bringebærmuffins | Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s