All posts tagged: loppemarked

Bringebærmuffins

Muffins er alltid populære, spesielt viss du pyntar dei på ein morsom måte er det mange som får lyst på dei på ein kakebuffé. Eg lagde mine med bringebær, men her kan du bytte ut fyllet med eplebitar, blåbær, bjørnebær, ein klatt fast jordbærsyltetøy eller berre bake dei som dei er. Bringebær var sesongvare før, men no får du tak i dei i små beger året rundt, nesten. Klimamessig er det ikkje så bra, men til fest kan ein kanskje tillate seg det. Bringebærmuffins Lag ein halv porsjon basisrøre som til toscakake. Set omnen på 200 grader. Lag røra som beskrive i toscakakeoppskrifta, men fyll røra i muffinsformer i staden for i langpanne. Fyll formene ca. 1,5 cm opp, og legg eit bringebær i kvar form. Fyll etter slik at formene er 2/3 fulle. Steik muffinsa på 200 grader i ca. 20 minutt. Topping 250 g smør, romtemperert 380 g melis 1 dl fløte 2 ts ekte vaniljesukker Farge om du vil Pisk smør og melis til ein lys krem med miksar. Skrap ned frå …

Loppemarknadsbakst – Toscakake

Her hos oss er loppemarknadane i full gang, og med dei følgjer det bugnande kakebord. Alle bidreg med sin spesialitet, og det er artig å sjå alle gode kakene som vert sett fram frå kvar ein heim. I dag kjem eg med nokre forslag til kaker som gjer seg godt på eit loppekakebord, som smakar godt og som er lette å dele. Det er nokre triks som er verd å ta med seg når ein bakar for sal. For det første må ein passe på at kaka er gjennomsteikt. Eg har skrapa rå kaker i søpla, det er like trist kvar gong. Eg brukar ein spagettipinne for å sjekke at kjernen i kaka eg har bakt er tørr. Sit det røre att på spagettipinnen treng kaka nokre minutt til. For det andre er det lurt at dei som skal selge deler opp kakene. Dei veit kva prisar dei skal ta, og då veit dei kor store stykka bør vere. Ein må få valuta for pengane i loppekaféen, samtidig som det er praktisk å ha same …

Vandrekake

Enkelte kakeoppskrifter vandrar  frå syklubb til syklubb, frå idrettslag til idrettslag, frå korps til korps. Slike oppskrifter er eg ekstra glad i, dei er uttesta over lang tid, bakt mange gongar, og resultatet vert heilt sikkert godt. Heidi ga meg ei slik oppskrift her for ei stund sidan, diktert på telefonen ein laurdags føremiddag. «Denne må du ha i avisa før påske», sa ho. Og det får vi vel til. Førebels er den bakt til fjortenåringen sin bursdagsfest, der både store og små likte den veldig godt. I Heidi si oppskrift skal smør, kakao og  vatn kokast opp først. Sidan eg hadde lite tid droppa eg det, og blanda det rett i røra. Eg skal bake den ein gong til før påske, og då skal eg koke og sjå om det blir skilnad på den. Denne oppskrifta er diger, og fyller ei stor langpanne. Appelsinvrien på glasuren er min, det vart kjempegodt med appelsinsaft og skal i glasuren. Slik gjorde eg det denne gongen: Sjokoladekake på vandring 400 g flytande smør, eg brukte bremykt på flaske …