Å bruke heile grisen
Eg skal vere heilt ærleg, eg syns det er veldig lettvint med filetar. Om det er laks, gris, okse eller torsk, det å få beinfri råvare som det går fort å lage til er det enklaste. Men skal vi leve berekraftig, og til og med flotte oss med å spise kjøt og fisk, så må vi faktisk også vere innstilte på å spise dei mindre populære delane av råvarene. Vi kan ikkje berre spise filet. Når det gjeld grisen er det vår trong til bacon og juleribbe som reddar dei meir ukurante delane av grisen. Ribba blir til og med selt (og spist) med svor på, og det er veldig god ressursbruk. Men kva gjer vi resten av året? Bacon er det uendeleg etterspurnad etter, men resten av ribbesida er også full av mat. Amerikanarane har funne løysinga, dei lagar spareribs av ribbbesida. Då tek du beingrinda som er att når baconet er skore av, krydrar det godt, og så grillar du det sakte på indirekte varme. Grillsesongen er ikkje heilt her enno, men dei …