Fest, Fisk, Middag, Sausar og dippar
Comments 8

Dry-rub


Is i rubben, det var den store snakkisen i vinterferien. Den rubben eg driv med skal det normalt ikkje gå is i. Det er fordi det er ein dry-rub, den kan ikkje fryse.

Nei da, eg berre tullar, dry-rub er ei blanding av krydder ein brukar på kjøt og fisk i staden for marinade. Eg brukar den same dry-rubben på både forrett og hovudrett, utan at det får dei til å smake likt.

Dagens rub er lagd med svart peppar og korianderfrø. Korianderfrø får du i velassorterte butikkar og innvandrarbutikkar (som definitivt er velassorterte!). Dei du ikkje brukar opp kan du så, så får du fersk koriander til ei god thai-suppe ved eit seinare høve.

Pepparen og korianderfrøa varmar eg opp i steikepanna til dei ”poppar”, og blir intenst aromatiske. Så knusar eg dei i mortar, og gnir det inn i det eg skal servere med godt med salt.

Utgangspunktet for forretten er ein salma-filet. Dei er eg veldig glad i, det er topp kvalitet heilt til datoen går ut, og det blir ikkje noko svinn på grunn av skinn og bein. Eg har servert den rå som sashimi og sushi, men i dag får du den i ei lettgrava utgåve. Grava laks skal ligge i fleire dagar, men min ligg berre nokre timar. På den måten får den mykje god smak, men du har framleis den rå kjensla som eg likar. Eg serverer laksen med ein honningvinaigrette og toast.

Til hovudrett brukte eg svinefilet, og eg lagde ein forseggjort salat til. Eg var så frekk at eg brukte om att dressingen til forretten til salaten, men til salaten lot eg agurkar og løk marinere litt i dressingen først. Det tek spissen av løken, og gjev smak til agurken. Samtidig vart dressingen mildare.

Svinefileten omnssteikte eg oppå mandelpoteter som eg delte i to. Dei blir spesielt gode når dei får ligge og bake i kjøtkraft og krydder.

Slik gjorde eg det:

Lettgrava rub-laks

1 ss salt

1 ss sukker

2 ss svart peppar

2 ss korianderfrø

1 ss salt

400 g salmalaks

Saft av ein lime

Vårløk

Honningvinaigrette:

2 dl olivenolje, ekstra virgin

1 dl god eddik, eg brukte ein sitroneddik

2 ts honning

1 ts søt sennep

salt og peppar

Køyr dressingen glatt med stavmiksar, min emulgerte på grunn av honningen og sennepen, men det er ikkje alltid den gjer det. Den er like god for det. Smak til med evnt. litt sitron viss du syns dressingen treng meir syre, eller meir honning viss den er for sur.

Bland saman 1 ss sukker og 1 ss salt. Legg laksen på ein tallerken, del den gjerne i passe stykke slik at heile fisken kjem i kontakt med salt/sukkerblandinga. Dryss salt/sukkerblandinga over fisken, og la den stå tre-fire timar.

Varm opp ei tørr steikepanne, og ha i peppar og koriander. Rist på panna medan frøa blir varmare og varmare. Når pepparfrøa har poppa og det luktar intenst aromatisk tek du panna av omnen. La frøa kolne litt før du knusar dei i mortar saman med 1 ss salt.

Tørk av laksen, og legg den på eit bakepapir eller matpapir. Ta halvparten av dry-rubben på papiret, og rull laksen i det. Legg den tilbake på ein rein tallerken.

Skjer laksen i skrå, tynne stykke med ein skikkeleg skarp kniv. Fordel dei på fire tallerknar. Legg på eitt par teskeier med vinaigrette, og tynne ringar med vårløk. Server med toast.

Svinefilet med rub

800 g svinefilet

2-3 ss ferdig rub

Olje til steiking

12 mandelpotetar

Olje

Salt og peppar

Varm steikeomnen til 200 grader. Del mandelpotetene i to på langs, og vend dei i olje, salt og peppar. Legg dei i ei eldfast form, gjerne med bakepapir. Det sparer oppvask. Set forma i omnen. Grill svinefileten i grillpanne på høg varme på alle sider. Legg den i folie eller på ei fjøl, og ha på så mykje rub du syns trengst. Legg den inn på mandelpotetene når dei har stått ca. ein halvtime. Set i steiketermometer, og steik til kjernetemperaturen er ca. 66 grader. Ta fileten ut og la den kvile litt under folie.

Salat

Tre sortar salat, ruccola, frissée og hjertesalat, for eksempel.

Ein agurk

Ein raud løk

Ferske asparges

Skyll salaten, og anrett den på eit vidt fat. Skrell agurk og løk. Skjer agurken i strimlar, og løken i ganske tynne halve skiver. Legg agurk og løk i dressingen, og la den ligge der i 15-20 minutt. Grill aspargesen. Fordel agurk og løk over salaten, og aspargesen viss du vil. Den kan du også servere på sida, som vi gjorde.

Skjer svinefileten i tynne skiver på skrå, og server med salat, bakte poteter og ein god aioli.

8 Comments

  1. Tilbakeping: Dry-rub « Alt godt

  2. hildeG says

    Det ER veldig godt 🙂 Jeg lagde denne svinefileten og salaten til søndagsmiddag i dag. Kan trygt anbefales!

    Likar

  3. Salma-laks er et utmerket produkt som jeg også bruker jevnlig. En «A4-tilberedning» er å bake den i ovnen på 140 grader ca 30 minutter. Da er den fortsatt saftig. (Alt for ofte blir laks overstekt og dermed tørr.)

    Holdbarhet som er angitt på Salma-pakkene gjelder bruk som sushi. Hvis den varmebehandles tåler den å ligge en uke ut over angitt holdbarhetsdato i uåpnet pakke.

    Likar

  4. Tilbakeping: Ukens søndagsmiddag « hildeG og hagen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s