Billig mat
Comments 3

Frukost til berre meg


Forseggjort søndagsfrukost gjer meg lykkeleg, og eg har vel fortalt tidlegare at eg er veldig glad i salatar med tunfisk.

I dag lagde eg ein ny variant, basert på det som var i kjøleskapet.

Dei salta sitronane er framleis med, eg har vel brukt opp ein tredjedel, tenker eg, til dressingar, salatar og gryterettar. I dag vart skalet av ein salt sitronbåt finhakka og blanda med tynne vårløkringar og rista graskarkjerner frå Singh.

Eg hadde i to spiseskeier med remulade, og ein boks med tunfisk. Eg er så barnsleg at eg framleis likar tunfisk i gelé, men du kan sikkert bruke den i olje eller vatn og.

Eg blanda det heile godt, og kverna litt svart peppar over. Røra eller salaten tok eg på skiver med rista brød. Prøv du og, det er kjempegodt!

This entry was posted in: Billig mat

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Britt Åse says

    Yhm, ja, sånt er helt nydelig 😀 De salta sitronene frister meg overmåte, så jeg tror jeg blir nødt til å gjøre i stand et glass med sånn i år. Det er godt med økologiske sitroner på Meny, heldigvis.
    God søndag, Ag, skinner sola hos deg også?

    Likar

  2. Sola skin! 🙂 Ja, du må prøve dei sitronane. Dei er så anvendelege (uff, dårleg nynorsk) og passar til mange ting. Og så er dei faktisk lette å lage, det tek berre litt tid før dei er klare til å spisast. Fjern alt fruktkjøt viss du gjer det, det blir uansett alt for salt.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s