Billig mat, Kjøtt, Middag
Comment 1

Ein slags kebab


Eg er inne i ein stim med kyllingkjøtdeig og cemokrydder, dette er den siste oppskrifta i ein serie. 😉 Denne måten å lage kjøtdeig til på er veldig enkel, du treng nesten ikkje oppskrift.

Dersom du skal servere dette til fest, til dømes i ein barnebursdag, kan du tre kebabane på pinnar. Men det er ikkje nødvendig, iallfall ikkje viss du berre serverer det til ein kvardagsmiddag. Slik gjorde eg det:

Kyllingkebab

400 g kyllingkjøtdeig

1 egg

2 ts cemo kotelettkrydder eller

1 ts salt

1/4 ts grovmalt peppar

1/8 ts knust koriander

1/4 ts timian

Sett omnen på 200 grader, bruk varmluft viss du har. Knus krydderet i ein morter. Ha kjøtdeigen i ein bolle, og ha i eit egg og krydderet. Elt farsen glatt. Legg bakepapir på ei steikeplate. Fukt hendene med olje, og form farsen til 4-5 avlange «pølser».

Legg pølsene på bakepapiret, og sett i omnen. La dei stå i omnen i 20 minutt. Sjekk når du tek dei ut at dei er gjennomsteikte ved å kutte i ein av dei.

Server med ein god salat, eg brukte hjertesalat, tomatar, sukkererter og ferdigdampa og avkjølte bulghurgryn. Ein klatt kesam med urtesalt var godt ved sidan av.

This entry was posted in: Billig mat, Kjøtt, Middag

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

  1. kjersti70 says

    Desse er sikkert gode! Eg har eit veldig ambivalent forhold til ferdig kyllingkjøttdeig (litt om det i min blog). Samtidig er det viktig å utnytte dyra også; skal ikkje vere sånn at vi lever opp på kyllingfiletar heller! Skal teste ut denne her ved neste sving!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s