Eg har fortalt tidlegare om når eg høyrde Ave Verum Corpus for første gong, og det gjorde eit enormt inntrykk på meg. Men eg møtte nok klassisk musikk før, når eg tenker meg om. Eg budde i hus med relativt unge onklar, og ein av dei spelte dette til meg. Flabbergasted, seier dei på engelsk, det var det eg var.
Eg klarer fortsatt ikkje å høyre Erbarme dich frå Mattheuspasjonen utan å høyre Ekseption sin versjon i bakgrunnen. Rick van den Linden leia bandet, og du finn meir på Wikipedia og youtube (men ikkje Erbarme dich, dessverre).
Oh oh oh!! Denne husker jeg ja. Jeg går og plystrer på den fremdeles 😆
Å, eg vert så glad når folk torer å vedgå at dei framleis likar Ekseption. Og då er det vel ei von om at desse karane ikkje er heilt gløymde óg.