Eg har klaga før på mat som smakar fantastisk, men som ser ut som eit ope sår når eg skal ta bilde av det. I helga lagde eg ein slik rett igjen.
For lenge sidan lagde eg italienske gnocchi. Eg gjorde det på nytt no i helga, og så gratinerte eg dei med bolognese-saus og ost på toppen. Det var kjempesuksess både for store og små. Når du først lagar gnocchi så lag ein stor porsjon, og frys i porsjonar. Med frosne gnocchi og ein enkel saus blir dette ein kjapp kvardagsmiddag. Ikkje pen, men veldig god. Som så mykje her i livet. 😉
Er ikke direkte vakker mat .. Men er helt sikker på at smaken er god 😀
“Som så mykje her i livet.”
Så sant som det er sagt! 😆