Billig mat, Kaker, Noko søtt
Comments 7

Speilegg til dessert


Neida, det er ikkje eit speilegg. Men ved første augekast kan det sjå ut som det!

Dette er altså ein appelsinpavlova med fløtekrem og appelsinkompott. Som alltid, eit resultat av eit kjøkkeneksperiment basert på ein vill idé.

Eg hadde lagd aioli, som vanleg, og hadde to eggekviter til overs, som vanleg. På fruktfatet låg det to appelsiner på veg mot forråtning, eg måtte kaste kameraten deira i går. Då var vegen ikkje lang til ein deilig dessert. Slik gjorde eg det:

Appelsinpavlova

2 eggekviter

1,5 dl sukker

Ei klype salt

Litt sitronsaft

To appelsiner

2 ss sukker

2 strøkne ts maisenna

3 ss vatn

Vask appelsinene grundig, og tørk dei godt. Riv av skalet på appelsinene så fint som råd er. Eg brukte det finaste jernet på eit Microplane-rivjern. Ønsk deg det til bursdagen, det er heilt fantastisk.

Skjer det kvite skalet av appelsinene, og skjer ut filetar mellom hinnene med ein skarp kniv, slik eg gjer det her. Hald appelsinen over ei skål medan du gjer det, slik at saftene vert samla opp. Press til slutt «skjelettet» over skåla, det inneheld mykje saft.

Hell filetane og safta over i ein liten kjele, og set på middels høg varme. Ha i sukker, og la det få eit oppkok. Rør maisennamjølet ut i litt vatn, og ha det i den kokande kjelen slik at det tjuknar til ein kompott. Set til side for å kolne.

Pisk eggekvitene stive med litt salt og sitronsaft. Ha i sukkeret litt og litt, slik at det formar seg ein tjukk marengsmasse. Vend til slutt forsiktig inn appelsinskalet.

Brei marengsmassen i ein fin ring ut over eit bakepapir med ein slikkepott. Set omnen på 120 grader med varmluft. La pavlovaen bake i ein snau time. Den kjem til å falle litt saman på grunn av oljen i appelsinskalet, men det gjer ingenting.

Legg pavlovaen på eit fat. Pisk krem med litt vaniljesukker og brei over. Legg til slutt på appelsinkompotten. Server umiddelbart. Opplev spontan lykke og tilfredsstillelse på grunn av smaken og gleda rundt bordet. 😉

This entry was posted in: Billig mat, Kaker, Noko søtt

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Jada, halvparten ligg att her hos meg, og vi var to som forsynte oss to gongar fordi det var så godt! 🙂

    Likar

  2. Parfyme ankommet og nytes i denne stund. Tuberose går for min del – iallfall denne. (Prisen er helt ok og betalt.) 😉

    Likar

  3. Arna ;-) says

    VEEEEELDIG GOOOOD DESSERT… jeg klarte 2 porsjoner. Nydelig ekspriment.

    Likar

  4. Tilbakeping: Menyen i dag « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s