Billig mat, Italiensk mat, Middag, Pizza
Comments 4

Pizza på nye vegar


Sidan pizzaen kom inn i mitt liv tidleg på syttitalet har den endra seg på mange vis.

Det byrja med tjukk botn, langsteiking på 200 grader og skiver med tomat. Blæh. Etter kvart fann eg ut at tynn botn var tingen, og at fyllet heller ikkje skulle vere i tjukke lag. Tomatsaus og bacon vart ein favoritt, barna vil ha mais, og vi vaksne vil ha løk og kanskje oliven. Alle mine pizzaer endrar seg frå gong til gong. Vegen blir til medan ein går frå komfyren til kjøleskapet.

Sist eg var på pizzarestaurant fekk eg ein såkalla kvit pizza, og den smakte heilt fantastisk. Sidan då har eg leita etter den perfekte oppskrifta. No kjenner eg at eg byrjar å nærme meg.

Den kvite varianten har som regel rømme eller kesam som base. Begge delar funkar fint, du treng ikkje bruke ein feit type. Rømmen/kesamen kan krydrast eller smaksettast  med andre ting. Ost er også alltid med, gjerne fleire ulike i blanding.

Ost og rømme må ha noko meir å spele på smaksmessig, denne gongen brukte eg ganske enkelt løk og spekeskinke. Løken får surre i smør, og får til slutt litt sukker på seg. Det gjer at løken for ein kompleks, karamellisert smak. Pass på at du ikkje brenn den, brent smak har ikkje same effekten.

Spekeskinka er dei siste restane av sommarskinka mi, som eg skjer heilt tynt på skjeremaskinen. Den er gull verd, har du ein slik så ta den fram, og bruk den. Vil du ha pizzaen vegetarisk droppar du sjølvsagt skinka.

Eg krydrar også deigen litt når eg lagar kvit pizza,  denne gongen brukte eg basilikum.  Bakeplata strør eg alltid med eit tynt lag mjøl i staden for å bruke bakepapir eller smøring. Det gir ein kjempegod ”steinomnsmak”. . Det vert ein stor pizza av denne oppskrifta. Pizzaen er nok til to veldig svoltne eller tre passe svoltne. Slik gjorde eg det:

Kvit pizza

Pizzabotn

2 dl lunka vatn

½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær

1 ts salt

1 ts sukker

3 ss olivenolje

2 ts basilikum

ca 5 dl kveitemjøl

Set omnen på 225 grader.

Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i olje, salt og sukker. Set i gang kjøkkenmaskinen eller rør dette godt saman for hand. Ha i mjølet litt etter litt. Kjenn heile tida på deigen slik at den ikkje vert for hard men helle ikkje for laus. Den skal ikkje vere klissete, men framleis mjuk. Brukar du maskin kan du elte deigen i ca. 5 minutt.

La deigen heve i ein halvtime. Ha godt med mjøl på kjøkkenbenken, og kna deigen til ein stor bolle som du deler i to. Strø godt med mjøl på benken og kjevl ut leiven til den er like store som bakeplata i komfyren. Pass på å ha godt med mjøl under når du kjevlar slik at deigen ikkje set seg fast i benken.

Legg  deigen over på ei mjølstrødd bakeplate.

Fyll:

4-5 ss rømme eller kesam

1 ts urtesalt

Litt nykverna peppar

Ein raud løk

2 ss smør

Tre sortar ost, eg brukte chevre, riven jarlsberg og pecorino

Spekeskinke

Skrell løken, og skjer den i tynne skiver. Smelt  smøret på middels varme, og legg i løken.  La den surre til den er mjuk og gylden. Strø på litt sukker, og la det smelte forsiktig. Ta steikepanna av varmen, og la det stå litt. Smak til med litt salt.

Ha rømmen i ei skål, og ha i urtesaltet og litt peppar. Bland godt.  Smør dette på pizzaleiven.

Ha løken på pizzaen. Riv osten, og strø den på. Legg skiver av spekeskinke utover pizzaen,  og steik den på 225 grader i 8-10 minutt. Server med ein grøn salat.

4 Comments

  1. Dette er ofte det vi drømmer om mang en sen ettermiddag på våre kontorer. Utfordring nr. 1 for Fra kontorfronten blir nå å komme seg hjem i tide og prøve ut oppskriften din.

    Likar

  2. Arna ;-) says

    jeg har en veneziansk versjon av deigen;
    5 dl mel (en eller annen form, fint, grovt…)
    5 dl vann (egentlig mye mindre, men det gjelder å gjøre det enkelt. Ta altså litt vann inn av gangen)
    litt salt
    en slump olivenolje (gjør deigen smidig)
    Hvis du vil; erstatt litt av vannet med øl.

    Da blir det en helt flat, sprø pizzadeig, som kjevles ut til ca 2-3 mm tykkelse. Den hever ikke (kanskje litt om du har i øl). Ergo, rask å lage, lett å huske.

    Fyll, det du vil, så klar.
    Steking; sterk varme, til du ser at det deigen er gjennomstekt – ca 10-15 min. Lykke til.

    Likar

  3. Marge says

    Nydelig pizza!! Har laga den to gonger no, og det har falle i smak her i huset. Har berre gjort ei lita endring; måå ha finhakka kvitløk i sausen

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s