Minestronesuppe er ei av våre familiesupper. Den har blitt servert i bursdagar og andre samanstimlingar, og er veldig takknemmeleg og billig festmat. Ikkje til dei fine festane, men til kvardagsfestane, og dei er vel så viktige som dei fine.
Fordelen med denne suppa er at den er veldig lett å utvide. Kjem det fleire gjestar vippar eg oppi meir pastasaus, meir bønner og meir buljong/kraft, og så blir det mat til to eller fire til. Den kan varierast i det uendelege. Dette er ein slags italiensk lapskaus, der ein tek dei grønsakene ein har i huset.
Har du eit juliennejern eller ein mandolin kan du gjerne kutte grønsakene på den. Då blir dei alle i stilig, langsmal suppefasong. Dei kokar fort og, når dei ikkje er så tjukke. Slik gjer du det:
1,5 liter vatn
To buljongterningar
100 g bacon
Matolje
Ein løk
To-tre fedd kvitløk
To-tre stilkar stangselleri
To gulrøtter
Ein kålskalk viss du har
Eit glas pastasaus
Ein boks bønner i tomatsaus (eller ein boks hermetiske erter)
Sukker, salt og peppar
½ ts timian
150 g tørr pasta, til dømes vanleg spagetti brukke i korte bitar
Kutt alle grønsakene fint (altså i små bitar/strimlar), og skjer baconet smått. Fres baconet i ørlite olje i ei stor gryte. Ha grønsakene oppi gryta, og fres dei blanke i baconfeittet. Ha i vatn, timian og buljong, og la det koke opp. Slå i pastasausen, ha i pastabitane, og la det koke i 10 minutt. Ha i tomatbønnene/ertene til slutt, og smak til med sukker, salt og peppar. Sukkeret må med for å balansere syra i tomatane.
Server med godt brød og riven parmesan over, viss du har.