Billig mat, Kjøtt, Middag
Comments 2

Fårikål-dagen!


I dag er det fårikålens dag, det heldt eg nesten på å gløyme!

Det er eit lykketreff at lammeslaktinga og haustinga av kålhovud kjem samstundes, syns du ikkje? Nokre eg kjenner vil ha ram vérasmak på fårikålen sin, men eg er ei smakspingle (eg har fortalt at eg ikkje et sild, ikkje sant?), og syns at den gode, milde smaken av lam kokt passe lenge i fersk kål er mykje betre enn den ramme ullsmaken du får når det er gamle dyr som er slakta.

Jada, vi hadde sikkert fårikål i fjor og, og året før der, men viss denne matspalta kan få ein ny tenåring eller nyboren hybelbuar til å forstå at fårikål er lett, billig og nydeleg mat så får dokke fårikålekspertane som har gjort dette år etter år bere over med meg.

Uansett løner seg å legge litt pengar i kjøtet. Dess meir kjøt i kjøtstykka, dess mindre griseri, bein og feitt. Men det må vere kjøt med bein, for mergen gjev mykje smak. Eg prøver å finne nokre fine bogskiver når eg lagar fårikål, det gjev nydeleg god fårikål.

Ein ting til: Om det skal jamnast eller ikkje er vel nærast eit matreligiøst spørsmål, enten høyrer du til dei som jamnar, eller så er du full av forakt for den slags. Eg jamnar.

Eg er til og med så rampete at eg først brunar (!!) kjøtstykka i smør i gryta, det rundar smaken, gjer krafta fyldig og gjev fårikålen ein fin, gylden farge. Feittet kan du sike av til slutt, då har det gjort nytta si.

Smør og margarin er forresten og grensande til eit matreligiøst spørsmål. Eg brukar smør, men Heidi brukar margarin. Dei som har møtt oss begge kan fastslå at skilnaden utgjer ca. 10 kg…

For meg er det smaken som avgjer, og då er smør overlegent best. Skal eg vere sunn, brukar eg olivenolje eller liknande. Syns du smaken av margarin er OK, så brukar du sjølvsagt det der eg skriv smør i mine oppskrifter. Nokre gongar MÅ ein ha smør, til dømes i nokre julekakeoppskrifter, men då seier eg det klart og tydeleg.

Her er oppskrifta på min norske originale fårikål:

Får i kål

2 kg fårekjøt, gjerne bog.

2 ss smør

2 kg hovudkål

1-2 ss salt

2 ss heil pepar

3 ss kveitemjøl

7-8 dl vatn

Varm smøret i ei gryte på høg temperatur. Legg i kjøtstykka slik at dei dekkjer botnen, og la dei frese på høg varme slik at dei får ei fin, brun steikeflate før du snur dei. Gjer dette med alle kjøtstykka.

Skjer kålen i båtar. Legg kjøt og kål lagvis i gryta. Vil du ha peparen laus i gryta drysser du den imellom laga. Eg legg peparen i eit lite teegg, då slepp ungane å misse motet fordi dei ikkje klarer å reinske ut alle peparkorna etterpå. Ein liten pose av gas kan du og bruke.

Slå over vatnet, dryss på salt og mjøl. Du kan droppe jamninga viss du vil at søet skal vere tynt. La det heile koke opp, sett ned varmen og la det heile koke på svak varme til kjøtet er mørt, ca 2 timar. Må det koke lenger tek det ingen skade av det.

Har du brukt smør, eller er kjøtet feitt, kan du sike av det øvste feittlaget. Server med kokte poteter.

Advertisements
This entry was posted in: Billig mat, Kjøtt, Middag

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Det der med smør og sånn har eg ein kommentar til. Det er nemleg slett ikkje sikkert at planteoljer som er kjemisk og mekanisk behandla i det vide og det breie, til dei er blitt margarin, er så mykje sunnare enn smør, som trass alt er eit reint naturprodukt. Melange til dømes inneheld meir såkalla transfeitt enn smør, og det er jo slett ikkje bra!

    Likar

  2. Fra kontorfronten er invitert på Fårikål-fest i nær fremtid av en kollega som vet å ta sesongens råvarer på alvor. Vi gleder oss!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s