Ferie, Italiensk mat, Reise
Comment 1

Fine dagar i Berlin


Her ser du parymehimmelen: Første etasje på KaDeWe i Berlin. Dei har faktisk fleire merke ann Printemps og Lafayette i Paris. Eg fann ikkje Diptyque og L’Artisan, elles var alle dei store, og ei uendeleg mengde små leverandørar der.

Femtenåringen fekk seg eit par veldig, veldig kule solbriller frå American Apparel:

Og så dro vi tilbake til Trattoria Del Muntagniola, og traff att sjølvaste fjelljenta, som har gitt namn til restauranten. «Die Mamma» har vore med sidan starten, og er opphavet til alle oppskriftene. Ho snakkar praktisk talt ikkje tysk, men er ein solstråle, som kvar kveld sjekkar at gjestane har det bra.

Vi var der sist i 2002, og ho som no er femten fekk teikne på papirduken på bordet, og syntest det var kjempestas. No fekk vi alle møte att fru Montagniola, og eg fekk teke eit bilde. Restauranten ligg i Fuggerstrasse 27, bak KaDeWe, om du vil ta turen dit. Be om capunata til forrett, du blir ikkje skuffa.

This entry was posted in: Ferie, Italiensk mat, Reise

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

  1. Parfymehimmelen i Berlin er notert. Greit å ha flere reisemuligheter åpne for vurdering 🙂 Kos dere, God påske.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s