Månad: april 2011

Godt brød


Kva er eit godt brød? Det har eg lurt på lenge. Det vil seie, eg veit kva det er når eg smakar det. Eg har ofte fått servert uhorveleg godt brød. Utfordringa har vore å få til å bake det gode brødet sjølv. Men lukka står den kjekke bi, her om dagen fekk eg lov til å vere med på eit bakekurs med Martin Johansson, svensken som har blitt berømt i Norden med bloggen Pain de Martin. Han har gjeve ut to bakebøker, og no har den siste, Enklare brød, kome ut på norsk. Då eg gjekk derifrå var eg nok framleis forvirra, men på eit høgare nivå. Eg lærte veldig mange smarte triks for å bake gode brød, og eg lærte også at mykje av det eg har gjort tidlegare har gjort at brøda mine har blitt kompakte og lite interessante. Så kva er trikset for å få til eit godt brød? Tid, seier Martin. Han set deigen om kvelden, og let den heve over natta på kjøkkenbenken slik at brødet kan steikast morgonen …