Ferie, Reise
Comment 1

Ned i undergrunnen

Neida, eg er ikkje borte. Men dei siste dagane i Berlin vart tilbrakt med “meine Berliner Mutti”, ei venninne av mora mi som har teke på seg ansvaret for å vere mor for meg når eg er i Berlin. Det har kome vel med tidlegare, men det er ei anna historie. Ho er gull, den dama, og familien hennar og. Men internett har ho ikkje, difor har du ikkje høyrt så mykje frå meg.

Laurdag var vi i Berliner Unterwelten. Det er eit slags museum under bakken, der ein får tilgang til å vandre rundt i gamle bunkerar og bomberom, og ein får også sjå på nymotens bomberom i tilknyting til u-bahn-systemet i Berlin.

Dei gamle bunkerane vart bygde i samband med at u-bahn-systemet først vart bygd. Dei var av svært dårleg kvalitet, og ville nok ikkje tolt særleg mange påkjenningar, men likevel vart dei flittig brukt under luftraida inn over Berlin under andre verdskrigen.

I dei gamle bunkerane var det ikkje lov å ta bilde. I dei nye bunkerane, som faktisk kan ha ein funksjon i fall eit åtak med atomvåpen, bakterielle eller kjemiske våpen rammar Berlin, fekk vi lov til å ta nokre få bilde av, så desse bilda er derfrå.

Bomberomanlegget vi besøkte er dimensjonert for rundt 3500 menneske, altså ein drope i havet i forhold til Berlin sine nærare tre og ein halv million innbyggarar. Det finst tilsvarande anlegg andre stader i byen, men dei er ikkje i nærleiken av å kunne gje eit tilbod til alle som bur der.

Bunker-Barbie, som du ser på biletet har på seg den fine syntetiske joggedressen som alle vil få på etter at dei har dusja og lagt frå seg alle eignelutar og klede i renseslusa som fører inn til anlegget.

 Lufta inn til anlegget vert rensa gjennom mur og sand, for å unngå at farlege gassar og radioaktivitet kjem inn i anlegget. Det er sjølvforsynt med vatn og elektrisitet i inntil 14 dagar.

Anlegget ligg på u-bahn-stasjonen Pankstrasse, og det er konstruert slik at u-bahn-stasjonen vert avstengt umiddelbart etter at dei to næraste toga har køyrt inn og parkert. Dei vert så ståande opne, slik at perrongen og toga vert ein del av anlegget.

Inngangsdøra er diskret, for å seie det forsiktig. Kjem du på Pankstrasse stasjon ville du aldri gjette at det ligg eit anlegg med fasilitetar for 3500 menneske bak denne døra, ville du?

Berlin Unterwelten har fleire omvisingar kvar dag på ulike språk, så det er vel verd å ta ein tur dit, og lære meir om tryggingsarbeidet under den kalde krigen, og om kva tyskerane gjer i dag for å vere budd på ei krise.

Mine barn på tolv og femten hadde godt utbytte av turen, men guidane snakkar engelsk med noko aksent, og snakkar om relativt kompliserte ting, så særleg mykje yngre barn enn det ville eg ikkje ta med meg ned.

This entry was posted in: Ferie, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Takk for fine tips fra Berlin! Sønnen, som skal starte med tysk til høsten, vil gjerne dit så jeg har lest og lest disse innleggene dine.

Leave a Reply