Dessert, Mat, Noko søtt
Leave a Comment

Sjokolademousse med jordbærtopping

Dette er ein luftig og smakfull sjokolademousse, som bør toppast med jordbær. Smaksmøtet mellom sjokolade og jordbær blir berre aldri feil. Desse bæra var rett nok frå Holland, dei norske har ikkje komt enno, så kald som juni har vore i år. Denne porsjonen er nok til fire porsjonsglas med sjokolademousse.

Det finst mange måtar å lage ein sjokolademousse på, denne er blant dei enklaste, trur eg. Du kan smaksette moussen på ulike måtar, med eit par skeier rom, litt appelsinmarmelade eller med litt espressokaffe så det blir ein mokkamousse. Bland i så fall smakstilsettinga i fløten når den har blitt varm.

Sjokolademousse

2 plater gelatin

1 dl kremfløte

150 g sjokolade, finhakka

2 egg

60 g sukker

Jordbærtopping:

200 g jordbær

2 ss sukker

Pisk eggedosis av to egg og sukker. Sett til side.

Legg gelatinen i bløyt i kaldt vatn. Ha fløten i ei gryte, og la den forsiktig koke opp. Ta gryta av plata. Kryst gelatinen fri for vatn, og ha den i fløten. Rør til den er oppløyst. Ha i sjokoladen, og rør til den og har smelta. Vend sjokolademassen inn i eggedosisen. Hell smeten opp i fire serveringsglas, og la moussen stå kaldt i 4-5 timar.

Rens jordbæra, og ha den i ein bolle. Ha på sukker, og rør godt til sukkeret har løyst seg opp. Legg jordbærblandinga oppå sjokolademoussen rett før servering.

IMG_0097

Leave a Reply