Billig mat, Gjærbakst, Italiensk mat, Mat, Pizza
Comments 2

Pizza med sommar på


Eg sit her i svenskehuset og kosar meg medan det regnar noko voldsomt. Likevel har eg ikkje gitt opp sommaren. Eg trur den kjem snart, den er berre litt treg. I matbutikken ser eg det, og i hagen. For no kjem alle dei lekre sommargrønsakene, og asparges er ein av dei første.

Flytransporten gjer at vi kan få tak i asparges året rundt, men likevel er det noko heilt spesielt med dei første norske som smyg seg opp av jorda. For nokre år sidan var eg så smart at eg planta asparges i min eigen hage, og lukka er å gå ut og knekke seg av ein asparges og spise den akkurat slik som den er.

Når eg har samla opp litt asparges frå hagen har eg nok til eit måltid. Eg har ikkje så mange plantar, så det tek nokre dagar. Dei bør plukkast når dei er rundt 20-25 cm, vert dei mykje lenger vert dei treene og ikkje så gode. Skal du oppbevare asparges nokre dagar så er kunsten å hindre at dei held fram med å vekse. Det gjer dei nemleg viss dei har det for varmt. Er det kjøpeasparges fjernar eg strikkar og plast, og så kuttar eg dei nedst, berre ein centimeter. Så fuktar eg ein kjøkkenhandduk, og lindar den rundt stilkane på aspargesen. På denne måten held du dei fuktige og sprø, samtidig som dei ikkje blir gnagd på av innpåslitne gummistrekk.

Eg brukar ofte asparges på den aller enklaste måten, steikt i steikepanna saman med det dei skal vere tilbehør til, om det er ein biff, eit fiskestykke eller ein kyllingfilet. Men i dag har eg laga ein deilig, tynnbotna sprø italiensk pizza til å legge aspargesane på.

Mange skryt av at dei serverer ”steinovnbakt” pizza. Den enklaste måten å oppnå den steinovnsbakte smaken er å drysse mjøl på bakeplata du brukar i staden for å bruke olje eller bakepapir. Betre for miljøet er det og, bakepapir vert berre til silikonbelagt søppel. Bruk gjerne ein tesil eller ei liknande finmaska sikt for å få mjølet jamnt utover.

Pizzadeig:

5 dl lunka vatn

1 ts salt

2 ss olivenolje

2 ts tørrgjær

2 ts honning

Mjøl til passe deig

Ha alle ingrediensane unntatt mjølet i ein miksmaster eller annan type kjøkkenmaskin som eltar. Ha i mjølet litt og litt, og elt godt til du får ein smidig deig. La deigen heve i bakebollen, slå den gjerne saman nokre gongar, då vert botnen lett å jobbe med.

Sett omnen på 250 grader. Dryss eit tynt lag mjøl på steikeplata. Kjevle ut deigen, og legg den på steikeplata. Gjer klar fyllet.

IMG_0086Saus:

4 toppa ss creme fraîche

1 ts urtesalt

1 ts honning

Topping:

Ein halv bunt asparges

To vårløkar

Ein neve sukkererter

100 g chevre utan skorpe

Rør saman creme fraîche, urtesalt og honning. Stryk det ut over pizzabotnen. Snitt aspargesane i to på langs, snitt sukkererter og vårløkar pent på skrå. Fordel grønsakene over pizzaen. Dryss på smuldra chevre, og steik pizzaen på 250 grader i 8-10 minutt, til chevren har blitt gyllen og kantane har fått ein fin farge.

2 Comments

  1. Hei. Jeg har forsøkt flere ganger å steke pizza på Jamie Oliver steinovnsplate på grill, men det er helt håpløst. Har du erfaring me det? er det kanskje at deigen jeg laget har vært for våt. ?

    Likar

    • Pizzadeig bør vere fast nok til at du kan kjevle den ut. Klarer du det trur eg ikkje den er for våt. Skal plata vere varm når du legg pizzaen på? Har du strødd mjøl på steinovnsplata? Viss du har gjort det, og det likevel ikkje fungerer, veit eg ikkje kva problemet er, dessverre. Kanskje nokon andre lesarar veit?

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s