All posts filed under: Utstyr

Kjekt å ha

Kva har eksperten i skuffene? Det var spørsmålet i ein e-post frå ein lesar av Alt godt. Spørsmålet inspirerte meg til å ta ein skikkeleg gjennomgang av kjøkkenet mitt, og sortere det viktige frå det uviktige. Kva brukar eg mest, og kva vert ikkje brukt av kjøkkenreiskapar? Kva er så viktig at eg tek det med meg når eg skal lage mat i andre sitt kjøkken? I dag får du altså ikkje ei einaste oppskrift, men ei vonaleg nyttig oversikt over det viktige og det uviktige i eit funksjonelt og praktisk kjøkken. Slike lister blir nødvendigvis individuelle, så om du er ueinig med meg er det heilt OK. Men det var nyttig å tenke igjennom kva som trengst og ikkje trengst. Når ein kosar seg med å lage mat er det viktig å ha gode og funksjonelle reiskapar. Kjøkkenutstyr er heller ikkje så veldig dyrt, du kjem langt med relativt enkle middel. Det er ingen grunn til å streve med sprukne og dårlege litermål og gryter med bulk i botnen. Skal ein rydde, må ein …

Tid for ein god kopp te

No sit eg og pustar roleg ut etter ein dag i kaféen på bokmarknaden på skulen vår. Mange stakk innom, til og med eitt par som hadde lese om bokmarknaden her i bloggen! Strålande! Det einaste fornuftige for å kvile vettet sitt, som mi nord-norske mor seier, er å lage seg ein god kopp te og blogge litt. Sidan eg hadde eit brutalt møte med dispril oppløyst i vatn med kaffismak ein stad i nord-Sverige på slutten av 70-talet har kaffi berre gjort meg kvalm. Eg er så pysete når det gjeld kaffismak at eg kan ikkje ein gong ete Tiramisu, den kjende, kaffitrekte kaka frå Italia, utan å kjenne kvalmebygene nærme seg. Så te var eit naturleg val for meg då eg byrja prøve nye smakar. Problemet med å ha eit anstrengt forhold til kaffi var at eg gjennom heile ungdommen vart plassert på barnebordet i familieselskap. Eg skulle jo ikkje ha kaffi! Ikkje ein gong det å fylle 18 var nok til å kvalifisere til sofaen, så lenge eg insisterte på medbrakte teposar …