Tilbehør, Utstyr
Comments 11

Tid for ein god kopp te


No sit eg og pustar roleg ut etter ein dag i kaféen på bokmarknaden på skulen vår. Mange stakk innom, til og med eitt par som hadde lese om bokmarknaden her i bloggen! Strålande!

Det einaste fornuftige for å kvile vettet sitt, som mi nord-norske mor seier, er å lage seg ein god kopp te og blogge litt. Sidan eg hadde eit brutalt møte med dispril oppløyst i vatn med kaffismak ein stad i nord-Sverige på slutten av 70-talet har kaffi berre gjort meg kvalm. Eg er så pysete når det gjeld kaffismak at eg kan ikkje ein gong ete Tiramisu, den kjende, kaffitrekte kaka frå Italia, utan å kjenne kvalmebygene nærme seg.

Så te var eit naturleg val for meg då eg byrja prøve nye smakar. Problemet med å ha eit anstrengt forhold til kaffi var at eg gjennom heile ungdommen vart plassert på barnebordet i familieselskap. Eg skulle jo ikkje ha kaffi! Ikkje ein gong det å fylle 18 var nok til å kvalifisere til sofaen, så lenge eg insisterte på medbrakte teposar i knuslete, små koppar.

Dei siste åra har te blitt moderne, og butikkane har eit stort utval både i posete og te i lausvekt. All ekte te kjem frå den same buska, camellia sinensis. Det som skil dei ulike typane frå kvarandre er korleis dei vert handsama og eventuelt smaksette etter haustinga. Svart te er den mest vanlege tetypen uansett kvar du kjem i verda.

teefffekter

Engelskmennene parfymerte den med sitrusfrukta bergamott, og kalla den Earl Grey. Ein annan variant fekk namnet English Breakfast, og bør drikkast med litt mjølk, sterk som den er. Inderane krydra den med kardemomme, ingefær og nellik, og serverer den med mjølk og sukker under namnet chai.

Grøn te er te som har blitt varmebehandla, ofte i ein wok, for å stoppe den oksyderinga som normalt vil skje med svart te. Dermed beheld blada den grøne fargen og forma, og ikkje minst store mengder antioksidantar. Antioksidantar hindrar skadeleg nedbryting av cellene i kroppen vår, og difor vert eit høgt forbruk av te rekna som eit av dei enklaste og mest effektive tiltaka ein kan gjere for å halde på ei god helse.

Grøn te har ein lett aroma, og skal ikkje trekkast i kokande vatn. Vatnet skal halde ca. 80 grader, og du må kanskje ta så mykje som to teskeier per kopp for å få eit godt resultat. Grøn te kjem og i parfymerte utgåver, og du får den med chai-aroma, vanilje, mandlar (!!) og ananas, for å nemnte nokre variantar. Grøn te er ferskvare, så bruk den når du har kjøpt den. Etter nokre månader smakar den meir og meir av støv.

Kvit te er dei små skudda som kjem aller først på tebuska om våren, og som berre vert tørka utan meir bearbeiding. Dette er den aller sunnaste teen, og den som har det høgaste innhaldet av antioksidantar. Den kan trekke ganske lenge i koppen, for den har lite koffein og bitterstoff i seg. Det gjer at den beheld den lette, elegante smaken og blir ikkje bitter i koppen slik grøn og svart te blir.

Teen du får kjøpt i Noreg er hovudsakleg frå India, Sri Lanka og Kina. India er mest kjend for Darjeeling- og og Assam-te, Lankesisk te vert ofte berre kalla ceylon-te, men Uva og Dimbula er dei mest kjende distrikta der te vert dyrka på den vakre øya.  Kina har eit uttal variantar av te, men oolong og lapsang souchong er blant dei mest markante og kjende. Lapsang souchong har ein markant røyksmak, medan oolong er berre delvis oksidert. Det gjer at den ikkje blir så sterk i smaken.

I dei siste åra har afrikansk og japansk te kome i norske butikkar. Rooibos betyr raud busk, og er dermed ikkje ein ”ekte” te i og med at den ikkje kjem frå den klassiske tebuska. Du får den i naturell utgåve, og smaksett med alle tenkelege og utenkelege aromaer. Matcha er den mest kjende japanske teen, og den er malen til eit fint pulver som skal vispast ut i varmt vatn i ein tradisjonell seremoni som folk studerer i årevis for å beherske perfekt.

Russland har og teproduksjon, og enkelte stammar på den russiske taigaen drikk te med salt, sukker, mjølk og smør! Då er du langt forbi det eg kallar å kose seg med ein god kopp te… Urtete er og ”uekte” te, sjølv om den er både god og sunn. I Nord-Afrika får du myntete, med masse sukker og servert i små glas. Kamillete er bra mot blærebetennelse, og fenikkelte seiest å redusere kolikk hos babyar. Kjerringrokkte er sikkert godt for noko det og, men det smakar pyton. Te av sitronmelisse derimot, er godt, og ein grei måte å bli kvitt ugraset på. Fruktte består hovudsakleg av tørka frukt, og smakar godt med litt sukker eller honning.

Det siste nye er te i fast form. I ”gamle dagar”, altså den tida då eg reiste til Ålesund og koste meg i tebutikkane der, var gunpowder den einaste typen te som ikkje var lause blad. No får du kjøpt små ballar, stråhattar og ”kaker” med samanpressa te. Dei vakre teblomane opnar seg når dei møter passe varmt vatn, og dei er nydelege å sjå på i glaset. Teen smakar aromatisk og lett, og har ein lys farge.

teblome

Teblomar i kule eller hattefasong blir gitt som gåve ved særlege høve, og kvar kule eller hatt er lagd for hand ved at teblada vert knytt saman med bomullstråd. Spar den til ein god venn, og server den gjerne i eit vidt glas, slik at blomen får kome til sin fulle rett. Fargen på blomen i midten varierer, mine har ein klar rosafarge, men eg har og sett dei i kvitt. Mange av desse tetypane har ein nydeleg jasminaroma, med blomeblad av jasmin bunde inn i tekula.

Å lage god te er ein kunst, og problemet er at te lett blir bitter. Derfor er det for dei fleste tetypar viktig å fjerne teblada frå kanna eller koppen. Eg brukar ei stor klype av metalnetting til å ha teblada i sjølv om eg lagar berre ein kopp til meg sjølv. Det er viktig at teblada får god plass til å falde seg ut og sleppe smaken fri. Du kan og lage te i ei kanne med blada rett i kanna, og så sile teen over i ei anna kanne for å fjerne blada. Teholdarar med hol bora i metall er for tette, og gjev ikkje god te. Tøyposar fungerer, men dei blir ganske udelikate etter ei tid i bruk.

Te skal trekke i heilt nykokt, friskt vatn. Tevatnet må for all del ikkje oppbevarast på ein termos eller ei kanne som det tidlegare har vore kaffi på. Kaffi gjev alltid dårleg smak på teen, og heile nytelsen er øydelagd. (for meg, iallfall. 😉 )Trekketida varierer frå tetype til tetype. Svart te skal gjerne trekke i ca. 5 minutt, grøn te kan gjerne trekke litt kortare og urtete og fruktte treng litt lengre trekketid. Gå etter klokka, ikkje etter fargen. Mange tetypar slepper fargen før dei slepper smaken, så teen kan sjå ferdig ut før den faktisk er det.

Teposar fungerer på tur, men for folk som drikk te sjeldan er teposar ei dårleg løysing. Dei er ikkje tette, og aromaen vert ganske fort svekka. Drikk du ikkje te sjølv, men vil ha det i huset til gjestar, så ha heller litt laus te i ein tett boks, og ei teklype i kjøkkenskuffen. Då slepp du at teen ”døyr” i kjøkkenskapet.

tekanne

Kva et ein til te? I Stor-Britannia får du servert high tea, cream tea og afternoon tea, alt etter klokke og stad. Afternoon tea er eit måltid mellom lunch og middag, med små, elegante smørbrød,  scones med syltetøy og krem, fingerkjeks og småkaker. Cream tea er det same, men gjerne utan smørbrøda. High tea er det heile med ein varmrett i tillegg. Mett blir du uansett, dette er store måltid.

”Tea” er forresten eit heilt adekvat namn for middag i Stor-Britannia, ”What’s for tea?” spør ungane når dei lurer på kva middagen blir. I store delar av verda er det vanleg å drikke te til varm mat. Her heime er vel te mest ein kosedrikk, nokre serverer ost og kjeks til, og til frukost må teen vere med. Så lag deg ein god kopp te, og kjenn at du er ein del av ein tradisjon som går frå over 4000 år før Kristus og fram til i dag!

This entry was posted in: Tilbehør, Utstyr

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

11 Comments

  1. Takk for innføringen! Særlig det om grønn og hvit te, og trekketider. Skal prøve å huske det om du drikker te her igjen 😉
    Jeg er ikke stor fan av svart te, men prøver å drikke mer av de andre tedrikkene.
    På engelsk og fransk heter jo urte-te «infusion»; men vi har vel ikke noe sånt innført på norsk.
    På kinesisk restaurant bestiller jeg ofte grønn te til maten, det begynte jeg med etter å ha fått det servert slik på en «ekte» kinesisk» spiseplass i Edinburgh. Det er godt!
    Tror det engelske målitidet «tea» gjerne blir kalt det fordi det nettopp serveres te til. Etter min erfaring er dette måltidet nesten som vår kveldsmat, maten er i alle fall ikke alltid varm. De spiser jo gjerne varm lunsj, så det er vel grunnen.

    Likar

  2. Så flott at du deler dine kunnskaper om alt mulig med oss, og i dag fanget du virkelig min interesse fordi jeg drikker bare te. Jeg håper den røde knautiaen som jeg fikk av deg i sommer i Botanisk hage overlever vinteren her 🙂

    Likar

  3. Alter Ego says

    Jaaaaa…om te! Hurra 😀

    Men neeeeiiiii, ikke all groenn te skal vaere saa mye som du sier her! Jeg hadde veldig lyst til aa drikke groenn te, men hver gang jeg fikk den servert syns jeg det var omtrent som aa tygge gress, mer eller mindre. Men saa sa ei klok dame paa tebutikken min at groenn te skal man ha mindre av enn andre tesorter; naar jeg naa brygger te tar jeg bare ei klype te pr kopp/krus, dvs ca 5-8 groenne «korn» (som folder seg ut til blader naar de har ligget lenge nok i vannet). Hun sa at mens man til vanlig/svart te gjerne har ei teskje pr kopp + ei ekstra «for kanna», hvis man brygger i kanne, skal man naar man lager groenn te bare ha ei teskje pr kanne, evt noen ekstra korn til.

    Jeg drikker bare groenn te paa denne maaten etter hennes instruksjoner (og jeg fikk sogar proevesmake i butikken!), og det er aldeles nammenam. Det gaar mye med, men med saa lite raastoff pr kopp varer den jo i all evighet. Heldigvis.

    …men altsaa; takk for supert innlegg 🙂

    Likar

  4. Astri says

    Vi kjøpte med oss muffins fra kafeen på Ila for vi skulle ha middagsgjester. Nyyydelig. Takk for at du bakte for meg i dag!

    Likar

  5. Alter Ego: Det høyrest fornuftig ut, normal dosering av grøn te kan bli i overkant intenst.

    Astri: Any time, dear! 😀

    Likar

  6. Britt Åse says

    Te ER veldig godt. Jeg har fått helt dilla, og nyyyter hver eneste kopp. Siden ting går veldig fort her i huset og det bare er meg som drikker blir det mye poser, men de blir ikke gamle, for å si det slik. En klype er nok for øvrig tingen, -det skal skaffes i morgen den dag, jeg har en nydelig earl grey i løsvekt stående i skapet…

    Likar

  7. Alter Ego says

    Britt Aase: Jeg har en Green Peach Leaf Tea, som er groenn te, kjoept paa salg til kroner nesteningenting da min yndlingstebutikk hadde opphoerssalg her om dagen. Vil du ha? Den er kjempegod 😀

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s