Noko søtt
Comments 3

Blodige dessertar

Har du funne blodappelsiner i butikkane nyleg? Sesongen er her, og dei vakre, små blodappelsinene er til sals rundt omkring. Eg fann eit nett i butikken min denne veka, og då vart det gode dessertar denne helga, ein for alle og ein for dei vaksne…

Blodappelsin minner meg om når eg var lita, og ikkje såg forskjell på den eine og den andre appelsinsorten. Lukka var stor når eg skrelte ein appelsin, og oppdaga at den var raud inni. Smaken var ikkje så ulik vanleg appelsin, kanskje litt syrlegare, men den raude fargen var spennande og annleis. I naturen er det slik at grønsaker, frukter og bær er sunnare di meir og mørkare farge dei har. Så blodappelsin må vel vere bortimot det sunnaste ein kan finne, bortsett frå blåbær?

To dessertar kan kanskje virke litt overdådig i dag, men eg syns det er viktig å ha ein god dessert innimellom. Det dryger middagen viss ein fekk ein gjest ekstra, og reduserer sjansane for at ein kjem i stor freisting, og går i sjokoladeskåpet seint på kvelden. Ein treng små lyspunkt i tilveret, og ein god dessert lyser opp ein mørk og elles trist dag. Dei dessertane du får oppskrift på i dag er fulle av vitaminar og antioksydantar, akkurat det du treng!

Denne geléen er laga med saft av blodappelsin, og den får ein fantastisk mørk raud farge. Eg serverer den med ein vaniljekrem av kesam vanilje i staden for vaniljesaus. Det er ganske enkelt fordi når eg serverer vanleg vaniljesaus så et ungane ubegrensa mengder. Når dei får vaniljekrem av kesam går det ikkje så mykje. Ikkje spør meg kvifor, det er berre slik.

Sjekk kor søt safta er, for å vurdere om du treng meir eller mindre sukker enn i oppskrifta. Eg kokar sukkerlake, for det gjer det enklare å løyse opp gelatinen. Geléen blir ikkje gjennomskinneleg slik ferdiggeléar er, men det gjer ingenting, så lenge den er god, og du veit kva som er i den! Eg syns det er godt at geléen ikkje er som ein sprettball, så eg har i litt mindre gelatin enn det som er vanleg i slike oppskrifter. Slik gjer du det:

Blodappelsingelé

5 dl saft av blodappelsin

0,5 dl sukker

4 gelatinplater

Safta av ein halv sitron

Saus:

1 beger Kesam vanilje

1 teskei melis

Legg gelatinplatene i lunka vatn i ei skål. Press blodappelsinene og sitronen. Skal du lage geléen til mange kan du supplere med vanleg appelsinjuice eller den nye granateplejuicen som du får kjøpt i åttekanta pakkar. Sil juicen over i ein bolle. Ta 2 dl av juicen og la den få eit raskt oppkok i ei gryte saman med sukker. Ta den av plata. Kryst gelatinplatene, og la dei smelte i den varme appelsinjuicen. Rør godt, og hell det over i den kalde juicen. Rør godt, og hell det heile i ein fin glasbolle, eller i porsjonsglas. Sett geléen i kjøleskapet, den stivnar i løpet av 4-5 timar. Bland kesam og melis, og server med ein klatt på kvar porsjon.

gele

Camparisorbeten er for vaksne, naturleg nok. Campari har ein intens søt og bitter smak, deilig saman med sitrus i alle variantar. Campari og juice med isbitar er min favorittsolnedgangsdrink. Når det er alkohol i noko frys det saktare, i og med at alkoholen har lågare frysepunkt enn vatn. Difor må ein rekne lengre innfrysingstid for denne sorbeten enn for vanleg is. Fordelen er at det er ikkje krise om du har gløymt å røre i isen ein gong eller to. Ulempa er at dette er noko du må planlegge litt på førehand. Sorbeten kan godt lagast opp til ei veke i forkant, viss du har den i ein boks med lok på i fryseboksen. Har du ismaskin er dette ingen kunst, berre les bruksansvisninga. Slik gjer du det:

Camparisorbet

2,5 dl vatn

2,5 dl blodappelsinsaft

1 dl sukker

2 dl campari

Strimlar av appelsinskalet

Kok opp vatn og sukker, og sett det til kjøling. Vask ein appelsin i kaldt vatn med litt eddik i, og skrell av litt skal til pynt. Eg brukar eit zestjern, eit bølgeforma lite kuttejern som lagar fine, krølla strimlar av skalet. Press appelsinene. Bland sukkerlaken, camparien og appelsinsafta. Ha dette i ein bolle, gjerne metall, for det frys fortare då. Sett bollen i frysaren. Ta den ut ein gong i timen eller så, og rør den luftig før du set den innatt. Det gjer at den vert mjuk, og dermed lettare å lage kuler av.

Når den skal serverast skrapar du den ut med ei skei, og har den i høge, vakre glas. Pynt med nokre strimlar med appelsinskal, og server. Viss du er i det kreative hjørnet kan du hole ut appelsinene forsiktig, og bruke skala til å servere sorbeten i. Dette er perfekt kos for etter leggetid, ungane si, altså…

This entry was posted in: Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Blodappelsin er jo så godt! Også har de så fin farge. Nå må jeg på butikken og lete. Takk for tips.

  2. silkepus says

    Camparisorbet! Genialt! Her har vi sommarens favoritt, trur eg vi kan slå fast alt no. (fjorårets var Frozen Redcurrant Daiquiri, også verd å prøve)

  3. Reblogged this on Alt godt and commented:

    Blodappelsinene er her! Dei smakar himmelsk, kjøp ein pose og lag deg ein god dessert med friske, saftige blodappelsiner.

Leave a Reply