Emo er eit omgrep som eg har sett brukt dei siste åra. Når eg tenker tilbake på då eg var tenåring så var eg nok ganske emo. Ikkje i sminke, antrekk og hår, men i det å kose seg med det sørgelege, å nyte dei smertefulle kjenslene og å kjenne seg dregen mot triste dikt, bøker og songar. Eg blir ikkje lei meg av dei, eg vert trøysta.
Denne sangen er frå den tida i livet mitt, og den og plata Blue med Joni Mitchell følgjer meg alltid.
Aha, da var nok mitt ungdoms forhold til Predikerens bok Emo.
Takker! Har et godt forhold til Joni Mitchell!
Det ligger ei utfordring til deg i bloggen min.
predikeren: Ja, nettopp! Vi hadde berre litt andre måtar å uttrykke det på.
Berit: Takk!
Nå skjønte jeg plutselig hva emo er.
Med meg var det Cohen, hibiscuste og kulltegning.
😀
Jepp, Britt Åse, vi har nok vore meir emo enn vi trudde, med “Suzanne” på gitaren etter fattig evne, bjørkete og litevetta Karin Boye og Sylvia Plath…
“Little Green” er framleis bedøvande vakker, heile albumet er usliteleg i mine øyre. Ikkje minst etter at eg har lese meg opp på Joni Mitchell sitt grunnlag for å skrive akkurat desse tekstane akkurat då. Ingen over, ingen ved sida! Amen.
Pingback: Dette tok ikkje heilt av… « Alt godt