Kunst, Livet
Comments 10

J.D. Salinger 1919-2010


J.D. Salinger døde i går, 91 år gamal. Han er ein av dei myteomspunne forfattarane i moderne tid, i og med at han var heilt taus i det offentlege rom i dei siste 44 åra av sitt liv. Han ga ut ein roman og tre novellesamlingar, ikkje meir enn du kan halde i ei hand.

Men romanen han ga ut, The catcher in the rye, har blitt eit ikon og reknast som ein av dei fremste amerikanske romanane gjennom alle tider.

Boka har spelt ei rolle i mange menneske sine liv, både på godt og vondt. Mark David Chapman, som skaut John Lennon i New York i 1980, sa han gjorde det for å få fleire til å lese The catcher in the rye. Då dei ransaka hotellrommet til John Hinckley Jr etter at han hadde gjennomført eit mislukka attentat på Ronald Reagan fann dei eit eksemplar av denne boka der.

Det som mest av alt gjorde at amerikanske ungdommar gjorde J.D. Salinger til sin forfattar var nok sinnet, aggresjonen, kjensla av at ingen forstår korleis ein har det. Dumme valg vart gjort, sett med vaksne auge, men det var nettopp det som var valget, det var å velge noko anna enn det dei vaksne ville valt. Dei siste åra av forfattarskapet hans konsentrerte han seg om familien Glass, ein familie med sju søsken som fekk sine historier fortalt frå ulike vinklar i novelleform.

Den siste boka kom ut i 1963, og han hadde ei novelle på trykk i The New Yorker i 1965, også om eit av Glass-barna. Etter det har J.D. Salinger ikkje publisert meir.

I følge dei som har møtt han har han skrive kontinuerleg, og dei etterlatne skriftene fyller  nærast eit heilt soverom i det muromkransa vesle huset hans i Cornish, New Hampshire. Han hadde ein intens forakt mot det å synast, ikkje minst mot ynskjet om å synast. Det skal bli spennande å sjå kva han har bestemt i testamentet sitt; skal verka hans få synast, eller skal dei verte verande under lås og slå?

Uansett, les det du finn av J.D. Salinger. Han var ein underleg skrue, men ein fantastisk forfattar som verkeleg har sett spor etter seg i samtidslitteraturen.

This entry was posted in: Kunst, Livet

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

10 Comments

  1. Odd says

    Har lest boka. Man må ha noe helt spesiellt i hodet om man lar seg trollbinde av en tufs som ikke kan bestemme seg for noenting som helst.
    Er det alle de andre tufsene som en vakker dag bestemmer seg for å ta livet av noen. Som har gjort denne boken forbudt?

    Likar

  2. Odd: For det første: dette er stor litteratur. Språkleg sett var denne boka ein revolusjon då den kom. Den ga ungdom ei stemme, og formidla raseriet og frustrasjonen som eg trur ein må ha vakse opp i USA på 40- og 50-talet for å forstå. Eg las den då eg var 19, og den slo meg i panna som ein hammar. Det var noko totalt annleis enn det eg hadde lese før, og eg hadde lese mykje. Så difor syns eg dette er ei viktig bok, like viktig som den var då den kom. Fluenes herre, Fight club og A clockwork orange er alle verk som heng saman med The catcher in the rye. Ingen søndagstur, men å stenge att for det fører ikkje til noko.

    Likar

  3. Jeg syns også «The Catcher in the Rye» var en uvanlig god roman og har lest den noen ganger. Språket er glitrende og innholdet ditto. Og dens historiske betydning var definitivt stor,

    Likar

  4. En fin post til minne om en flott forfatter. Det er lenge siden jeg leste “The Catcher in the Rye”, men husker at jeg leste den svært fort. Jeg liker den godt. Kanskje skal jeg lese den på ny igjen.

    Likar

  5. I følge filmen «The conspiracy theory», så har mange seriemordere hatt et eksemplar av denne boken… Aner ikke om det er fiction. 😉 Jeg har lest boka og skjønner iallefall ikke helt sammenhengen der (hvis den eksisterer)

    Likar

  6. I USA var boka lenge forboden i mange delstatar, den vart sett på som så aggresiv og hatsk i tonen at dei meinte den ville næraste oppfordre til å gå til åtak på andre.

    Eg er ikkje så glad i konspirasjonsteoriar, men eg kan vel tenke meg at viss ein er skada nok frå barndomen av, så skada at ein lurer på om ein skal byrje å drepe folk i mønster slik dei gjer i USA, iallfall ifølge Criminal Minds, og eg var i stand til å lese ei bok, så ville Holden Caulfield vekke større resonans i meg enn Anne frå Bjørkely.

    Likar

  7. Odd says

    At boken ble forbudt er velkjent. Jeg tror det er nettopp denne hjelpesløsheten hos hovedpersonen som kan ha inspirert enkelte til mord! og få slutt på hjelpesløsheten.
    Men det er min teori…

    Likar

  8. Bente says

    Mht. språket, må vi jo huske på at det har skjedd en stor utvikling siden boka ble skrevet. Jeg gikk selv på high school i USA i 1981 og da var «The cathcer in the rye» obligatorisk i faget «Romantolkning». Husker det var mye provokasjon og kontroversielt i både språk og handling.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s