Søte restar
Det er vel lov med dessert ein trist januardag? Nærbutikken min hadde tilbod på kremfløyte som gjekk ut på dato i dag, og då vart det tilslørte julejenter til dessert heime hos oss. Julekakene er dessverre enno ikkje oppetne her hos oss, og slik er det vel vanleg å ha det på denne tida. Eg lagde denne deilige desserten med knuste julekaker, og den vekte stor åtgaum rundt bordet. Mine julekaker er så fulle av smør og sukker at eg droppa den tradisjonelle runden med å steike det sprø mellomlaget i smør og sukker. Eg brukte karamellkaker og nokre pepparkaker, og tyttebærsylta som var att etter reinsdyrsmiddagen i romjula. Syltetøyet kan du variere, og det same med julekakene. Krasja krumkaker er sikkert veldig godt til denne desserten, for ikkje å snakke om kokosmakronar. Slik gjer du det: Tilslørte julejenter 5-6 julekaker av ulikt slag 2 dl kremfløyte 2 ss syltetøy per dessertglas Knus julekakene grovt. Pisk fløyten til passe stiv krem. Legg kaker, krem og syltetøy lagvis i pene glas. Server med ein gong, slik at …