På ein tapasbuffet er albondigas alltid med. Albondigas er dei saftige, krydra spanske kjøtbollane som gjerne vert servert med ein god tomatsaus. Også her måtte eg ta nokre snarvegar, mellom anna lagde eg kjøtbollane mandagen før festen, og fraus dei ned i mellomtida. Det som kan frysast ned utan å ta skade av det er det lurt å lage i god tid. Det gjer sjølve dagen då festen skal vere enklare.
Når eg skal lage store mengder kjøtbollar så friterer eg dei. Då får eg dei jamnt runde, eg slepp griseriet med alt som brenn seg fast i panna, og dei får ei fin, rund form sjølv om deigen ikkje er så hard.
Ha eit lok som passar akkurat til gryta rett ved når du friterer, skulle det gå gale og ta fyr kan du legge på loket og sløkke brannen på den måten. Det neste du må gjere er å slå av kjøkkenvifta, det er ikkje stas med brann i filteret. Frityr er høgrisikosport, men kan du det så går det heilt fint.
Mengda olje du brukar avheng av storleiken på gryta, men det er ikkje noko poeng å vere gjerrig på oljen. Det må vere nok olje til at kjøtbollane flyt fritt i gryta. Eg brukar gjerne maisolje, rapsolje (ikkje den dyre) eller soyaolje til slik frityr. Denne oppskrifta er redusert til fem porsjonar til middag, og åtte personar til ein tapasbuffet. Slik gjorde eg det:
500 g kjøtdeig eller karbonadedeig
1 ts salt
1 krm peppar
1 egg
2 ss strøkavring
0,5 dl mjølk
2 ss frisk, hakka eller 1 ss tørka persille
1 ts paprika
1 krm riven muskat
1 fedd kvitløk
Rør deigen seig med saltet. Ha i litt mjølk, litt strøkavring og egget vekselsvis. Finhakk kvitløken og ha den i saman med paprika, persille og muskat.
Varm opp oljen i ei gryte som du har tettsluttande lok til. Form kjøtbollane runde og fine med ei skei. Eg brukar litt matolje i ei skål når eg “rullar” kjøtbollar. Eg dypper skeia i oljen, og stryk den (med olje på) mot handa og. Så tek eg kjøtdeig i skeia, og rullar kjøtbollane mot handa med olje på, slik at dei ikkje klistrar seg fast.
Friter kjøtbollane til dei er pent brune på utsida. Snu dei rundt etter ei lita stund, slik at dei vert jamnt brune. Fisk dei opp av gryta med ei holsleiv etter kvart som dei er ferdige. Legg dei på kjøkkenpapir slik at den overflødige oljen får renne av.
Server kjøtbollane med ein god tomatsaus. Varm kjøtbollane opp att i sausen på middels varme, ikkje for varmt. Sidan eg skulle servere mange rettar til mange personar brukte eg glas med tomatsaus, og så pressa eg i eitt par fedd kvitløk og smakte til med sukker og salt.
Oh, sånne er gode 🙂 Jeg pleier å lage dem italienske, med sitronskall og parmesan og sånn. Det er så godt at en kan svelge tunga… 😀
Så lurt å steke dem i frityr. Det har jeg aldri tenkt på. Takk for tipset!
Dei såg skikkeleg digg ut! 🙂
Pingback: Menyen i dag « Alt godt