Billig mat, Grønt, Mat, Middag, Veggis
Leave a Comment

Helsekost – på ein måte

Heidi har laga vegetarpizza i dag, eg trur ho har litt dårleg samvit for all julematen. Det er nok det gamle prinsippet som gjeld; det er ikkje det du et mellom jul og nyttår som gjer at du legg på deg, det er det du et mellom nyttår og jul. Heidi foreslår at du skal smøre steikebrettet, du kan også bruke bakepapir, eller gjere som meg, og strø plata tynt med mjøl. Det gjev ein steinbakt smak.

Alt godt

Feittfattig mat kan ikkje skade etter ei jul med ribbe, skinke, leverpostei og søte kaker i lange baner. Dei fleste vil merke dette overinntaket på badevekta. Noko anna hadde vore rart. Det beste rådet mot overvekt er å halde seg i aktivitet og ta kontroll over vekta. To kilo opp klarer vi å takle ved å ete litt mindre dei neste vekene. Det verste er når kiloa kjem snikande og  umerkande, og festar seg både her og der. Men det er om å gjere å bli glad i eigen kropp og  nokre kilo ekstra er berre sjarmerande. Eg prøver likevel å gå over til magrare kost utan å rope for høgt om det.

Kvart nyttår har eg lyst til å verte sjuandedagsadventist. Det er dei som har desse helseretreatsentra i Gudbrandsdalen og Lillehammer.  Pasientane vert fora med grønt frå morgon til kveld og kaffe og røyk er bannlyst. Sunnheita struttar av dei når dei kjem heim. Vi treng  ikkje reise vekk for å gå på helsekost. Prøv denne pizzaen, den vil garantert falle i smak.

Grønsakspizza

Botn:

3 dl vatn

25 gram gjær

2 ss soyaolje

2dl sammalt kveite

ca 5 dl sikta kveitemjøl

Varm vatnet til 37 grader og rør ut gjæra. Ha i soyaolje og rør inn alt mjølet. Set deigen til heving i bakebollen i 25 minutt. Legg deretter deigen oppå eit godt smurt steikebrett og klapp deigen utover. La botnen heve i 10 minutt før du legg fyllet på.

Fyll:

2 løkar

2 gulrøter

1 raud paprika

litt brokkoli

1 boks sjampinjong eller nokre ferske

litt salt og pepar

1 dl vatn

1 ts buljong

4 ss tomatpure

1 ts sukker

2 ts oregano

litt riven kvitost på toppen.

Hakk løk og steik han i ei steikepanne. Tilset riven gulrot, hakka persille, litt brokkoli og sjampinjongen. Steik grønsakene og tilsett salt og pepar. Rør buljong og tomatpure ut i vatnet og slå dette over grønsakene. Smak til med litt sukker. Legg fyllet på pizzabotnen og strø riven kvitost over. Steik pizzaen på 230 grader midt i omnen i 10-12 minutt.

This entry was posted in: Billig mat, Grønt, Mat, Middag, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply