Mat, Middag
Comment 1

Kosekosekosemat

Laurdag kveld var elleveåringen og eg heime åleine, ein skikkeleg kosekveld for berre oss to. Han fekk bestemme maten, bortsett frå at eg hadde nedlagt veto mot taco og pizza.

Han foreslo mac’n cheese, og eg var ikkje vond å be. Eg har laga den før, men denne gongen “utvida” eg den på to punkt; eg hadde i mjuksteikt løk og bacon. Det vart skikkeleg rampete godt. Det tok si tid, og eg brukte eit uanstendig antall gryter og steikepanner, men det var verd det. Slik gjorde eg det:

Mac’n cheese med bacon og løk

100 g bacon

1 stor løk

3 dl makaroni

5 ss smør

2 ss mjøl

7 dl mjølk

salt og peppar

1 ts sitronsaft

riven muskat

Strøkavring

150 g riven ost, eg brukte “revet” pluss ein jarlsbergskalk.

Sett omnen på 200 grader. Skrell løken, og skjer den i tynne skiver. Smelt 2 ss smør i ei steikepanne, og legg i løken. Legg på lok, og la dette stå og surre i ein halvtime til det blir gyldent og fint medan du kokar makaroni og lagar sausen. Steik baconet i ei anna steikepanne, kutt det i bitar først viss det ikkje allereie er kutta opp.

Smelt 3 ss smør i ei tjukkbotna gryte, og rør inn mjølet. La det frese litt før du slår på mjølka. Rør flittig til det tjuknar og byrjar koke. La sausen koke i 5-10 minutt. Smak til med salt, peppar, muskat og sitronsaft. Sett sausen til side.

Kok opp ein liter vatn, og salt det godt. Ha i makaronien, og la den koke til den er knapt mør. La den renne av i eit såld. Vend den inn i sausen saman med osten. Vend inn bacon og løk til slutt.

Ha blandinga i ei eldfast form med høge kantar, eller fordel den i småformer. Strø på strøkavring eller griljermjøl viss du har. Steik den på 200 grader i 18-20 minutt.

This entry was posted in: Mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Denne har vi også laget etter oppskrift på makaronipakken. Ungene elsker den og med en god salat til, så ble den faktisk ikke så verst

Leave a Reply