Frustrasjonar, Musikk
Comments 9

Eit musikkmysterium

Eg leitar etter eit musikkstykke. Det er skrive for kor, og eg var med på å synge det for rundt 15 år sidan på Toneheim. Teksten er frå Predikaren, 3. kapittel: En tid til å fødes, en til å dø, en tid til å plante, en til å rykke opp. Teksten var på svensk, og eg meiner komponisten var nordisk, men eg er ikkje sikker.

Musikkstykket er i ein slags neoklassisk stil, litt jazzpreg i akkordane, og bølgande fram og tilbake. Eg huskar at det var fleire oktavsprang i mi stemme, iallfall. Eg huskar det som intenst vakkert, og godt å synge. Er det nokon som har aning om kva dette kan vere?

This entry was posted in: Frustrasjonar, Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

9 Comments

  1. Jeg har kopiert spm ditt til korfolka mine i Oslo, bl.a. Lene B-A, noen andre også. Så får vi se 🙂

  2. Mitt sikkerstikk: Spør Glamourbibliotekaren i en mail – hun vet nesten alt, tror jeg, og vet hun ikke lager hun kanskje bloggpost og spør folket, som hun har gjort tidligere…? Go for it, den dama kan musikkfaget.

    I mellomtida skal jeg spørre mamma og noen hun kjenner. De kan også alt sånt. Førstemann med svar skylder den andre et kakestykke på Pascal en dag 😉

  3. Mokki: Eg fekk opp eit stykke der Mette Marit les bibelteksten, ikkje så mykje kor der. Men det er same tekst.

    Elisabeth: Ja, eg kan prøve den glamorøse, ho veit kanskje.

    BÅ: Hillarious! “-to stand by your woman at the moment of birth… Morsom film!

  4. Alt har sin tid

    Komponist:
    Bo Holten
    Tekstforfatter:
    Ole Dalgaard
    Type kor:
    Blandakor
    Genre:
    Seriøs/klassisk
    Leveringstid:
    ca. 3 uker
    Produktnummer:
    WH 30131
    Pris:*
    kr 122,00
    Kommentar:
    SSAATTBB div a cappella

  5. Takk! Men eg trur at der er teksten på dansk. Eg skal sjekke med korsenteret og.

  6. Hva med Kärlekens tid, Komponist: Benny Andersson, Tekstforfatter: Ylva Eggehorn, Arrangør: Göran Arnberg / Benny Andersson …?

    🙂 Håpe du finner det!

Leave a Reply