Enten du dyrkar sjølv, kjenner ein bonde eller handlar i butikken: No bugnar det av lekre, ferske grønsaker å få tak i.
Eg har gjort det enkelt, eg dyrkar squash, poteter og løk. Ja, og så har eg nokre grønkålplantar, det er for enkelt til å la vere. Det andre eg treng handlar eg i den lokale reko-ringen eller der eg kjem over det. Squash har eg ikkje kjøpt etter ferien, likevel går det aldri tomt. Løken er berre å dra opp, om det er kvitløk, vårløk eller raudløk så har vi så vi klarer oss langt utover hausten. Potetene tok eg opp her om dagen, tolv settepoteter vart til 25 liter poteter! Så enkelt, og så godt.
Nokre tips kan vere greit å ta med seg: Spis dei stygge grønsakene først. Poteter med skurv, squash med hakk og skader og vårløk som byrjar henge med hovudet tek vi unna først som sist. Dei toler uansett ikkje lagring. Det som får kome på lager er dei perfekte eksemplara. Elles risikerer du mugg og råte, og det vil ein ikkje.
Eit anna tips er å la løk og kvitløk stå i bedet til frosten kjem, i staden for å hauste det inn tidleg. Ingen grunn til å stresse med å få det inn, så framt du har ein tørr kjellar å oppbevare det i. Potetriset vårt var fullstendig kollapsa, men potetene var friske og fine under det tjukke laget med plenklipp som har beskytta dei frå å bli grøne. Så bortsett frå kål som gjerne blir angripe av larvar og anna utyske er åkeren ein like fin lagringsplass fram til vinteren bankar på døra.
Grønkålen plukkar eg fortløpande, og puttar det som ikkje vert spist med ein gong i brødposar i frysaren. Dei er romfræge til å byrje med, men når dei er heilt frosne knusar eg blada forsiktig med hendene. Så fjernar eg dei harde stilkane, og vips, er grønkålen ferdig rensa. Smart, ikkje sant?
Men kva gjer ein med alle desse fantastiske grønsakene? Eg bakar dei stort sett. Lag store porsjonar når du først er i gong, dette er råvarer som kollapsar når du har hatt dei i omnen, og dessutan er restar av bakte grønsaker det enklaste å bruke opp. Dei går i ei suppe, i ei gryte, i ein pastasaus eller i ein salat. I tett boks i kjøleskapet held dei seg i ei veke, så lenge det ikkje er poteter i blandinga toler dei også godt frysing.
Eg bakte eit bakebrett fullt i tjukt lag, då fekk eg grønsaker til iallfall ti porsjonar. Det fine med å servere grønsakene slik er at då er alt av fem (eller seks) om dagen i retten. Du treng ikkje meir tilbehør, alt er servert. Vil du ha ein saus til, så lag ein god tzatziki, eller steik litt løk som du slår fløte og kraft på.
Bakte grønsaker
Eit hokkaidograskar
Ein squash
Eit halvt flaskegraskar
Ei sellerirot
Tre gulrøtter
2-3 dl olivenolje
2-3 ss urtesalt
3-4 fedd kvitløk
1 ts peppar
Sett steikeomnen på 200 grader. Rens alle grønsakene, og kutt dei i terningar. Bytt gjerne ut viss det er noko du manglar, persillerot, pastinakk, kålrot eller søtpotet kan like gjerne gå i blandinga.
Dekk eit bakebrett med bakepapir. Ha ein dl olje, 1 dl urtesalt, to finhakka kvitløksfedd og ½ ts peppar i ein djup bolle. Ha i halvparten av grønsakene, og vend dei rundt slik at dei har fått olje og krydder på seg. Hell det på bakebrettet, og gjenta med resten av grønsakene, oljen og krydderet. Bruk ein slikkepott og få med deg det siste frå bollen over på bakebrettet.
Bak grønsakene på 200 grader ei 40-50 minutt. Ta brettet ut, vend rundt på grønsakene og la dei få 10-15 minutt til. Vil du at dei skal få litt meir farge, så bruk varmluft og evnt grillelementet på slutten. Pass godt på så grønsakene ikkje blir brent.
Server grønsakene med urtesteikt lårfilet av kylling.
To lårfiletar pr person
Urtesalt
Peppar
Smør til steiking
Legg lårfiletane på eit fat, og dryss på urtesalt og peppar.
Varm smøret i ei steikepanne. Legg filetane med skinnsida ned, og steik dei til dei er gylne. Snu dei rundt, og steik dei litt vidare. Legg dei over i ei eldfast form, og la dei ettersteike i steikeomnen under grønsakene.