Allergi, Billig mat, Brød, Mat, Tilbehør, Veggis
Leave a Comment

Fruktknekkebrød

Eg er inne i ein knekkebrødstim, og dess knekkebrøda er vel verd å lage, for dei er knallgode.

Smaken i knekkebrøda kjem frå frøa, men også frå urter, salt og nøtter. Frukt er også ein fin smakssetjar, og du kan bytte ut frukta eg har foreslått her med anna du har i skapet. Eg bytta ut tranebær med tørka tyttebær eller gojibær fordi eg tilfeldigvis hadde det, og det fungerte heilt strålande. Prøv også å bruke aprikosar i staden for fiken.

Vurder utfrå eigen smak kor fint du vil hakke frukta. Når du hakkar den fint fordeler søtsmaken seg meir i knekkebrødet. Dette knekkebrødet er glutenfritt, så lenge du brukar glutenfrie havregryn.

Fruktknekkebrød er gode med pålegg på til kveldsmat.

Fruktknekkebrød

3 egg

1/2 dl sesamfrø

1/2 dl graskarfrø

1/2 dl solsikkekjerner

1/2 dl pinjekjerner

1/2 dl linfrø

2 ss chiafrø

1 dl havregryn

2 ss potetmjøl

6 tørka fiken

Evnt 1 ss finhakka rosmarin

3 ss tørka tranebær

Skalet av ein appelsin (kan sløyfast)

1/2 ts salt

Omn på 175 grader

Visp egga i ein bolle. Rør i alt alt det tørre unntatt frukta. Rens og finhakk frukta, og rør inn saman med finrive appelsinskall og salt.

Flat ut deigen på eit silikonpapir, og steik den 10 minutt før du tek den ut, og delar leiven opp. Steik vidare til dei er ferdige, den totale steiketida brukar å ende opp rundt 25-30 minutt. Legg over på ei rist. La stå på ettervarmen til det er tørt. Dette knekkebrødet er knallgodt til ost.

 

Leave a Reply