Billig mat, Coronamat, Mat, salat, Veggis
Kommenter innlegget

Coronamat – Salat med gryn, paprika og fetaost


Eg rydda i skapet mitt, og eg fann utruleg mange sortar frø og gryn i prosessen. Viss du finn tørre bønner, gryn og andre typer ingrediensar som du sjeldan tek deg tid til å bruke, så er det greit å huske på at no har du kanskje for første gong på lenge god tid! Det gjer ingenting at kikerter må stå i bløyt i åtte timar, og så koke i vel ein time. Du har tid til det. Og at ei høne vert best etter å ha kokt i fire timar er også heilt ok. Det betyr at du kan planlegge heilt andre rettar, med heilt andre råvarer. Og belgfrukter og gryn er i tillegg næringsrike og fulle av sunne mineralar og fiber, akkurat det dei fleste av oss treng.

Fordelen med dei tørre ingrediensane er at dei er utruleg lette å oppbevare. Det er fint med boksar av papp og metall, men dei skaper søppel, og er romfræge (tek stor plass), som vi seier heime. I tillegg held dei seg veldig lenge, spesielt belgfruktene. Det kan vere litt verre med bulgur, couscous og andre typer gryn, dei kan harskne, særleg etter at pakken er opna. Eg måtte kaste dei svarte byggryna og bulguren etter at eg tok bildet i går, dei lukta ikkje godt.

Men korleis tilfører ein smak? Der har du sikkert også skapet fullt. Buljongterningar, krydder, soyasaus, chilisaus, honning, geléar og syltetøy, ulike ting du har plukka med deg frå feriar og reiser; no skal det endeleg få skinne! Målet mitt er å finne nye måtar å bruke ingrediensane på, og ikkje minst skape nye og spennande smakar. Er det noko som manglar i ditt skap, så prøv å finne ein alternativ ingrediens som kan bidra til å utfylle smaksbildet. Og så kan du ha i minne det eg har snakka om så mange gongar: Ein rett må ha søtt, salt, bittert/sterkt, syrleg og umami for at smaken skal vere balansert og tiltalande. Kunsten er å balansere, og no får du sjansen til å leike deg.

Eit anna prinsipp er at det som vert øydelagt først må spisast først. Har du kjøt som går ut på dato i dag, så steik det opp, bruk det du treng, og frys ned resten til du brukar det igjen. Salatar, paprika, tomatar, agurk og liknande må spisast fort, prioriter å bruke dei. I dag brukte eg salatblad frå ein pose og paprika i små terningar for å lage farge i salaten min. Dei andre råvarene var holdbare greier, fetaost og løk held seg lenge.

8027DC19-0875-4A15-B5ED-90C58357D58D

Når du skal handle inn, så sjå kva du har, og sjå kva du manglar. Prioriter smak, bacon er perfekt, det same er ulike variantar av varm- eller kaldrøykt fisk. Artisjokkhjarte, mais, ulike holdbare ostar og ulike sausar løftar smaken på maten din. Syt for at du har oljar, eddik og gjerne litt holdbar frukt som grøne eple, appelsiner og granateple. Ein skvis appelsin oppå salaten er fantastisk godt. Litt nøtter og frø er også bra å ha, eit sprøtt dryss løftar ikkje berre smaken, men også munnkjensla. Ta med barna på matlaginga, å måle opp ingrediensar er matematikk i praksis!

Grynsalat med fetaost og paprika

1 dl fullkornsris

1 dl raude linser

1 dl quinoagryn

Vatn og buljong til koking

Urtekrydder viss du vil

1 raud paprika

1 raud løk

3-4 ss dressing, t.d. vinaigrette

150 g fetaost

Det du har av salat

½ appelsin, om du har

50 g nøtter eller frø, eg brukte peanøtter

Ha 7-8 dl vatn i ei gryte, og la det koke opp med ein buljongterning. Du kan gjerne ha i litt urtekrydder og. Ha i risen, og la den koke i 20 minutt. Ha i linsene, og la det koke i 10 minutt. Ha i quinoaen til slutt, og la det heile koke ferdig med loket på.

Finhakk paprika og raudløk, og kutt fetaosten i terningar.

La gryna kolne noko, før du vender inn paprika og løk. Dette gjer eg for at løken skal mildne litt i gryna. Vend inn dressingen, og smak om det heile er passe salt. Vend inn fetaosten, og det du måtte ha av salat. Skvis over safta av ein halv appelsin. Grovhakk nøttene, og dryss på salaten til slutt.

Server med godt brød, og litt ekstra dressing ved sidan av.

8D69D73D-2CE4-462D-B0D0-77E27314A1B2_1_201_a

This entry was posted in: Billig mat, Coronamat, Mat, salat, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s