Gjekk du i frysaren og såg kva du fann? Var det ei ribbe der?
I så fall er saka enkel: Då er det berre å legge den i saltlake, og bruke den såkalla Gundametoden. Når du først har steikt den har du først eit klassisk krunamåltid med ribba, og så får du restar som du kan ha det uendeleg mykje artig med.
Ein av mine favorittar er desse ferske vårrullane, eller heller sommarrullar, som mange kallar dei. Rispapir er enkelt å få tak i no til dags, og held seg eviglenge i skapet. Sjekk om du har noko ståande. I sommarrullane kan du bruke det du har i hus av grønsaker, ribberestar og ulike asiatiske sausar som hoisin, soppsoya eller du kan lage ein heimelaga peanøttsaus.
Slik gjer eg det:
Heimelaga peanøttsaus
3 toppa ss peanøttsmør
1 ss varmt vatn
1/2 dl soyasaus
2 ts riseddik
Cayennepeppar
Ha peanøttsmøret i ei skål, og ha i det varme vatnet. Rør det jamnt før du “sper” med soyasaus og riseddik. Smak til med litt cayennepeppar.