Billig mat, Coronamat, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Italiensk mat, Mat, Pasta, Supper
Comments 2

Coronamat – tortellini al brodo

Kva er din coronamat? Det er jo litt tilfeldig, kva ein har i skap og skuffer. Eg fann plutseleg ein pakke tortellini. Tortellini kjenner dei fleste som fersk pasta, men den er også å få tak i i tørka versjon. Eg er jammen ikkje sikker på kvar min kom frå, det kan hende eg har plukka den opp på ei reise, kven veit.

Torellini er noko som er lett å få tak i viss du ikkje har det frå før, og dei har som regel ganske god dato. Stort sett held dei seg på kjøl i vekesvis etter utløpsdato, er mi erfaring. Sjå nøye på dei og lukt om dei luktar lite og godt når du opnar pakken, viss du er i tvil. Så å ha nokre pakkar tortellini i kjøleskapet er sjeldan feil. Du får dei også i vegetarisk versjon, til dømes med tomat og ricotta, og då kan du droppe kyllingen og lage ein veggisvariant. Denne suppa kan også lagast med andre typar pasta, som t.d. gnocchi eller spiralpasta.

Tortellini kan serverast på mange måtar, gratinert med tomatsaus og ost, i fløtesaus med ost og bacon om du har, eller som eg har gjort her: I kraft, eller brodo, som italienarane kallar det. Den klassiske tortellini al brodo er det ofte kvite bønner i. Dei er fine, for dei blir litt mjuke, og er med på å jamne krafta. Men eg hadde ikkje det, så eg brukte det eg hadde i kjøleskapet. Litt løk, erter og ei veldig sliten kålrot dukka opp, eg trur faktisk den har vore her sidan jul. Litt flaut, men sånn er det.

Ertene hadde eg kokt dagen før, og fekk ein rest som eg putta i ein boks. Løken finhakka eg, og kålrota vart rensa, og kutta i små terningar. For å få fram så mykje smak som mogeleg fresa eg grønsakene i smør først, og så steikte eg to kyllinglår som eg hadde kutta i terningar i den same gryta. Eit kyllinglår er ikkje så stort, men det fine med alt kjøt er at kuttar du det smått, så rekk det til mange. Så desse to kyllinglåra vart meir enn nok til ei suppe som nok hadde metta tre personar. No har vi ein boks i kjøleskapet til lunsj for ein i morgon. Vinn-vinn!

Tortellini al brodo

1 pk tortellini (ca. 200-250 g)

1 liter vatn

2 terningar god buljong

1 ts timian

Smør til steiking

150 g kyllingkjøt (eller anna kjøt)

350 g grønsaker, finhakka

Ein sprut sitronsaft

Nykverna peppar

Parmesan til å rive over

1/2 ts honning viss du vil

Varm opp smøret i ei gryte. Du kan også bruke olivenolje, det gir nok den mest genuine italienske smaken. Fres dei faste grønsakene (ikkje erter og bønner) i to-tre minutt på god varme. Ta ut grønsakene, men ikkje skyll panna. Ha i litt meir feitt, og steik kjøtet som du har kutta i terningar.  Dryss på timian, og steik til kjøtet er ferdig.

Slå på vatn og sitronsaft, og smuldre buljongterningane over. La det koke til grønsakene er nesten møre. Ha i erter og/eller bønner, og tortellinien. La suppa koke til tortelliniane er ferdige. Smak til med peppar, evnt meir salt og litt honning, og riv over parmesan når du får suppa i skåla di.

Fann du ei ribbe eller ein svinekam i frysaren då du skulle skaffe deg oversikt? Ta den opp i dag, så finn vi på noko morosamt med det i morgon. Heng med!

D65D6360-9EBB-495E-87B2-BBF24D354FEE

2 Comments

  1. Making tortellini from scratch is a labour of love, which is why it’s often associated with Italian Christmas as the whole family can pitch in to make a batch. This tortellini in brodo recipe is one of the best ways to enjoy them, with the pork -filled pasta parcels bobbing around in a clear chicken broth.

    • Great feedback, thanks! I have never tried to make the tortellinis from scratch, but maybe during this quarantene…

Leave a Reply