Eg måtte verkeleg tenke meg om: Kva er vårmat? Det er jo ikkje stort som veks enno, så eg slo meg til ro med at vårmaten er den som har overlevd vinteren.
Det er dei ordentlege rotgrønsakene, som overlever vinterlagring og som gjev oss næring og kraft sjølv når snøen ligg tung. No grønkast det, men likevel treng vi å ty til det som har overlevd frå i fjor. Eg set mi lit til gulrøtter, løk, purre, persillerot og dei næringsrike belgfruktene. Med desse flotte ingrediensane er det ikkje vanskeleg å skape gode smakar som mettar.
Som alltid handlar det om å framheve dei gode råvarene. Eg brukte litt eplejuice som kraft, du kan bruke kvitvin viss du har ein slant ståande, eller såkalla kommunalkraft, altså reint vatn. Fordelen med juicen er at det er litt syre og sødme i den, det fungerer alltid. Til slutt rundar eg av med litt fløte, det kan du droppe viss du til dømes vil at suppa skal vere vegansk eller mjølkefri. Men fløten gjer suppa fyldig og mettande.
Ei god suppe blir alltid betre med noko på toppen. Du kan bruke hakka urter, ei skei rømme, krutongar eller rista solsikkefrø. Pinjekjerner er fint og fancy, men solsikkefrø blir vel så gode når dei får møte varmen frå ei steikepanne og eit dryss med salt. Billig er det og.
Til suppa serverte eg eit spennande rivebrød, det fylte eg med urter. Rivebrød er ganske enkelt ein loffedeig som eg kjevlar ut, smører og drysser urter på. Så kuttar eg leiven i strimlar, og så i ruter, før eg stablar rutene i ei brødform og steiker det som ein vanleg loff. Når brødet vert servert kan ein rive skivene frå kvarandre, og få med seg den aromatiske urtesmaken. Du kan også bruke andre typar fyll, raud eller grøn pesto er perfekt, eller du kan ha ost mellom laga. Eit perfekt prosjekt for ein fin helgeettermiddag.
Kikertsuppe

To gule løkar
Tre fedd kvitløk
2 ss smør
1 ts timian
½ ts rosmarin
1 ts basilikum
To gulrøtter
Ein purre
To persillerøtter
2 dl eplejuice eller kvitvin
1 liter vatn
2 ts buljong eller fond
1 ss tomatpuré
Ein boks kikerter, avrente
2 dl fløte
Salt og peppar, og evnt litt sukker
Rens og skrell grønsakene. Finhakk dei og fordel i skåler. Varm opp 2 ss smør i ei vid gryte, og ha i løk og kvitløk. Dryss på urtekryddera, og la det frese i nokre minutt. Ha i finhakka gulrøtter, persillerot og purre, og la det frese vidare. Slå på eplejuice eller vin, og la det koke inn. Slå på vatn, og ha i buljong eller fond. Ha i tomatpuréen, og rør godt. La det heile koke til grønsakene er møre.

Ha i kikertene, og la suppa koke eit par minutt til. Køyr suppa glatt med stavmiksar. Ha i fløte, som du rører godt inn. Smak til suppa med salt og peppar. Er den for skarp i smaken kan du runde den av med litt sukker.
Server suppa med rivebrød, ein rømmeklatt og rista solsikkefrø.
Rista solsikkefrø

2 dl solsikkefrø
Ei klype salt
Varm opp steikepanna di til middels varme. Ha i solsikkefrøa, utan noko feittstoff. Frøa skal tørristast i steikepanna. Dryss på ei klype salt. Varm solsikkefrøa sakte opp, og rør i dei til dei har fått ein fin, gyllen farge. La dei kolne på ein asjett, dei er veldig varme når dei kjem rett frå steikepanna.
Rivebrød

4 dl vatn
1 ts salt
2 ts honning
Ein halv pakke gjær
7-8 dl kveitemjøl
Det du har av urter
2 ss smelta smør til pensling
Ha vatnet i bakebollen, og løys opp gjæra. Ha i honning og salt, og elt inn mjølet litt og litt, til du får ein passe fast deig. Den skal ikkje vere for hard, hald gjerne tilbake litt på mjølet, slik at du heller kan ha i litt ekstra etter første heving. La deigen heve tildekka i 40-45 minutt i bakebollen.
Smør ei brødform med smør. Du kan også legge bakepapir i botnen, og berre smørje sidene av forma. Sett steikeomnen på 200 grader.
Dryss godt med mjøl på bakebordet, og legg deigen på bordet. Kjevle den ut til eit avlangt rektangel. Smør leiven med smelta smør, og dryss på raust med tørka urter, til dømes timian, basilikum, oregano og rosmarin. Bruk eit pizzahjul, og kutt leiven i strimlar. Legg dei oppå kvarandre i ein stabel. Kutt stabelen i bitar som passar ståande til forma di. Still forma på skrå opp mot ei fjøl eller liknande, og stable deigbitane ståande i forma. La rivebrødet heve i 40 minutt. Steik brødet nederst i omnen i ca. 35 minutt.