Allergi, Billig mat, Italiensk mat, Mat, Middag, Pasta, Supper, Vegansk, Veggis
Leave a Comment

Ut på tur, inn til god mat

Kva treng ein når ein har vore ute i ruskeveret? Noko å varme seg på, er mitt svar.

I dag får du ei varmande, smaksrik suppe og ein dessert som smakar barndomsglede og kjærleik. Ingenting er vel betre enn det? Når ein skal ut på tur er det to alternativ: Enten kan ein lage noko som står i omnen lenge, og som endeleg er klart når du kjem inn, eller så kan du lage noko som går fort. Eg syns det som går fort er greiast, då treng du ikkje planlegge så veldig, anna enn å handle inn, då.

Det beste eg veit når eg har vore ute på tur er ei god suppegryte, så i dag lagar eg ei romsleg gryte med italiensk minestronesuppe. Minestrone er ei suppe som kan varierast i alle retningar. Du kan ha i forskjellige sortar grønsaker, du kan ha pasta eller ris, og du kan også lage den vegetarisk. Hos oss blir denne suppa servert i bursdagar og andre samanstimlingar, og den er veldig takknemmeleg og billig festmat. Ikkje til dei fine festane, men til kvardagsfestane, og dei er vel så viktige som dei fine.

Fordelen med denne suppa er at den er veldig lett å utvide. Kjem det fleire gjestar vippar eg oppi meir knuste tomatar, meir erter og meir buljong/kraft, og så blir det mat til to eller fire til.

IMG_4644Minestronesuppe

1,5 liter vatn

To buljongterningar eller 2 ss fond

100 g bacon (dropp viss du vil at suppa skal vere vegansk)

Olivenolje

1 ts timian

Ein løk

To-tre fedd kvitløk

To-tre stilkar stangselleri

To gulrøtter

Ein kålskalk viss du har

Ein boks finhakka tomatar

Ein liten pose grønne erter

Sukker, salt og peppar

Bladpersille, viss du har

150 g tørr pasta, til dømes vanleg spagetti brukke i korte bitar eller skruar

Kutt alle grønsakene fint (altså i små bitar/strimlar), og skjer baconet smått. Fres baconet i ørlite olje i ei stor gryte. Ha grønsakene og timian oppi gryta, og fres dei blanke i feittet. Ha i vatn og buljong, og la det koke opp. Slå i  tomatane, ha i pastaen, og la det koke i 10 minutt. Ha i tomatbønnene/ertene til slutt, og smak til med sukker, salt og peppar. Sukkeret må med for å balansere syra i tomatane.

Server med godt brød, samt finhakka persille og riven parmesan over, viss du har. Utan bacon er dette ei vegansk suppe. Oppskrifta er mjølkefri.

 

Leave a Reply