Allergi, Billig mat, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Kjøtt, Mat, Middag, Supper
Leave a Comment

Kyllingsuppe

Suppe med kyllingkraft har ord på seg for å vere det beste remediet mot forkjøling, influensa og sikkert generell vantrivsel og. Å få ei dampande skål suppe hjelper iallfall både på væskebalansen, tett nase og gir tiltrengt næring når influensaen herjar.

_MG_4570Kyllingsuppe kan varierast på uendeleg mange måtar, så her kan du verkeleg få tømt grønsaksskuffa i kjøpeskapet. Har du selleristenger, kål eller brokkoli på lager passar dette heilt perfekt i suppa. Frosne erter er også godt i. Har du det veldig travelt kan du med godt samvit ta ein snarveg, og lage suppa med ein pose frossen lapskausblanding.

Vil du gjere suppa fyldigare og meir mettande, kan du ha i ein pakke fløte, og du kan også tjukne den ved å jamne med litt maisenna utrørt i litt vatn. Denne suppa er mjølkefri viss du ikkje brukar fløte, og glutenfri.

fullsizeoutput_4d55Kyllingsuppe

1 liter kraft (Suppler gjerne med buljong viss du har for lite)

500 g kokt kyllingkjøt kutta i terningar

Ein halv søtpotet

Ei stor eller to mindre gulrøtter

Ein halv purre

Ei halv sellerirot

Salt og peppar

Rens grønsakene. Kutt rotfruktene i små, jamnstore terningar. Del purren i to på langs, og skyll for å fjerne jord. Finhakk den.

Kok opp krafta, og ha i grønsakene. La suppa koke til dei er møre, det tek ca. 20 minutt. Ha i kyllingbitane, og la suppa koke opp på nytt. Smak til suppa med salt og peppar, og server den med godt brød og smør til.

Leave a Reply