Billig mat, Gryterettar, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Kjøtt, Mat
Comments 2

Hønsefrikassé


Frikassé er ein klassisk søndagsmiddag der kokt kjøt vert servert med kokte grønsaker og ein jamna saus. Det er ein ekte barndomsmiddag, og noko av det beste eg veit. Sausen skal vere litt søt og litt syrleg, og det er mange måtar å oppnå det på. Eg har litt vin i krafta, men det er ofte ikkje nok. Med litt eddik i sausen får du akkurat den rette balansen mellom surt og søtt.

Grønsakene i ein frikassé kan varierast. Du kan ha i båtar av kvitkål, kålrotterningar, brokkolibukettar, persillerot eller selleristenger skore i tynne skiver. Dei fleste kål- og rotgrønsaker vil berre tilføre smak og farge til frikasséen. Brokkoli bør du vente med å ha i til to-tre minutt før servering, eventuelt koke den for seg sjølv, og servere den ved sidan av.

Frikassé kan også lagast med karri, då droppar du det syrlege, og brukar heller ei teskei karri i gryta. Kna i så fall gjerne karrien saman med smøret når du jamnar gryta. Karrismaken utviklar seg veldig godt i møte med feittet i smøret.

_MG_4582Hønsefrikassé

600 g kyllingbryst (og gjerne også andre delar), kokt

5 dl kyllingkraft

2 ss smør og 2 ss mjøl til jamning

Ein søtpotet

To gulrøtter

5-6 sjalottløk

Ein purre (minus det som gjekk i krafta)

Ei halv sellerirot

2 ss kvit eddik

1,5 ss sukker

Salt og kvit peppar etter smak

Kna saman smør og mjøl til det vert ein klump. Ha krafta i gryta, og la den koke opp. Før krafta kokar opp, ta ut ei ause, og ha i skåla med jamning. Rør det glatt, og ha det i gryta igjen. Rør godt.

Ha i grønsakene, og la dei koke i sausen til dei er møre, ca. 20 minutt. Smak til med eddik, sukker, salt og peppar. Ha i kyllingkjøtet, skore i centimetertjukke skiver. Server frikasséen med kokte poteter.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s