All posts tagged: Gryterettar

Hønsefrikassé

Frikassé er ein klassisk søndagsmiddag der kokt kjøt vert servert med kokte grønsaker og ein jamna saus. Det er ein ekte barndomsmiddag, og noko av det beste eg veit. Sausen skal vere litt søt og litt syrleg, og det er mange måtar å oppnå det på. Eg har litt vin i krafta, men det er ofte ikkje nok. Med litt eddik i sausen får du akkurat den rette balansen mellom surt og søtt. Grønsakene i ein frikassé kan varierast. Du kan ha i båtar av kvitkål, kålrotterningar, brokkolibukettar, persillerot eller selleristenger skore i tynne skiver. Dei fleste kål- og rotgrønsaker vil berre tilføre smak og farge til frikasséen. Brokkoli bør du vente med å ha i til to-tre minutt før servering, eventuelt koke den for seg sjølv, og servere den ved sidan av. Frikassé kan også lagast med karri, då droppar du det syrlege, og brukar heller ei teskei karri i gryta. Kna i så fall gjerne karrien saman med smøret når du jamnar gryta. Karrismaken utviklar seg veldig godt i møte med feittet i …