Billig mat, Grønt, Mat, Middag, Supper, Veggis
Leave a Comment

Det grønast ute

I urtebedet mitt sprutar det opp persille, salvie og timian, eit klassisk teikn på at vi har hatt ein mild vinter.

Hagen min er skuggevend, og dermed hender det at dei finslege urtene takkar for seg om vinteren vert for kald. Men i år har det vore leveleg, og alt kjem opp som bestilt.

Når ein skal dyrke urter er det ingen grunn til å gjere ting komplisert. Eg kjøper potter med urter enten på mitt lokale gartneri, eller ganske enkelt i matbutikken, viss eg finn eit frodig og fint eksemplar.  Så er det berre å vatne viss det vert tørt, og gjødsle nokre gongar i løpet av sesongen,  og dermed kan eg gå ut med saksa og klippe inn smaksrikdom gjennom heile hagesesongen. Og den er lang. Eg har eit bilde av mi venninne Hilde, som hentar inn timian til andebrysta på nyttårsaftan med hovudlykt og krafse for å få bort snøen.

I dag lagde eg nokre saftige kyllingbryst som eg vende i ein deilig urteolje. Den same urteoljen brukte eg også som garnityr på ei fyldig pastinakk- og potetsuppe som eg serverte som forrett. Timianen fekk også følge potetene, dei vart bakt i ovnen medan eg gjorde andre ting. Det å bruke ein ingrediens i fleire delar av eit måltid er praktisk, men samtidig må ein unngå at alt smakar likt. Her syns eg det vart balansert fint, og det hjelper at urtene er milde og ikkje for overveldande i smaken.

Brukar du timian som har stått ei stund, kan kvistane vere litt treene. I så fall bør du rive blada av kvistane, og ikkje ha kvistane med i blandinga. Mjuke, fine timiankvistar kan godt bli med i matmølla.

IMG_5512Potet- og pastinakksuppe

Ein løk

To fedd kvitløk

2 ss olivenolje

300 g pastinakk

300 g poteter, helst mjølne

8 dl god kraft, gjerne kyllingkraft eller grønsakskraft

2 dl kremfløte

Salt og peppar

Skrell og hakk opp løk og kvitløk. Varm opp oljen i ei romsleg gryte, og surr løk og kvitløk til den er gjennomskinneleg, men den skal ikkje bli brun.

Skrell pastinakkane og potetene, og kutt dei i terningar. Ha terningane i løkblandinga, og la det surre litt til.  Slå på kraft, og la det heile koke i ti-femten minutt, til grønsakene er møre. Ha i kremfløte, og smak til med salt og peppar. Køyr det heile glatt med ein stavmiksar.

Server suppa med urteolje dryppa i.

Leave a Reply