Billig mat, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Mat
Leave a Comment

Ein saftig sandwich

Why does an Englishman never starve in the desert?

Because of the sand which is there. Dette var favorittvitsen til engelsklæraren min på ungdomsskulen, og eg må vel berre innrømme at både ho og oppskrifta de skal få i dag er saftigare enn den vitsen.

Av og til må ein rydde i frysaren, og ofte er det inspirasjon til ei matspalte. Ved siste frysaravising fann eg nemleg ein boks med finhakka kalkunkjøt. Så framsynt kan ein vere rundt juletider, at ein tek vare på det som sit att på kalkunskroget når gjestane har fått sitt. Ein slik boks er jo ei gullgruve, det er utruleg kva ein kan få ut av ein boks fuglekjøt når idéane slår inn i hovudet på ein.

Eg brukte kalkun, men du kan like gjerne bruke restar av ein kylling. Same kor flink ein er så vert slike skrog aldri reinspiste. Det er alltid masse kjøt att på beina, og reinplukkar du det så sit du att med nok kjøt til ein slik deilig salat.

Det var kjæresten min som sette meg på idéen, viss eg skal vere heilt ærleg. Det er jo ikkje så mykje kjøt, sa han. Det kan jo bli ein god påleggsalat. Og så gjekk eg i gang med det eg hadde på kjøkenet. Når ein skal lage ein påleggsalat, spesielt med eit så nøytralt utgangspunkt som kalkun eller kylling er, så kan resultatet bli veldig forskjellig alt etter kva ein krydrar med. I dag har eg laga to ulike variantar, den eine er frisk og italiensk, den andre er fyrrig og meksikansk.

Basen er nøytral, eg byrja med yoghurt, blanda med majones. Så blanda eg inn finhakka stangselleri og purre, det gir både smak og konsistens. Etterpå supplerte eg med meir karakteristiske italienske og meksikanske smakar, og resultatet vekte åtgaum ved frukostbordet. Desse smørbrøda passar perfekt til ein brunch, til lunch eller til kveldsmat med gjestar.

Skal du servere det som tapas, så legg små, rista loffskiver i ei korg og ha salaten i ei skål, så kan gjestane sjølve legge salaten på toasten. På den måten unngår du at det rista brødet vert vått og kjedeleg. Slik gjorde eg det:

IMG_5348Italiensk kalkunsalat

200 g kalkun- eller kyllingkjøt

1 dl yoghurt

1 dl majones

2 ss hakka purre

2 ss hakka stangselleri

½ ts peppar

1 ts basilikum

1 ts timian

2 ss pinjekjerner

1 ss appelsinsaft

Skal av ein appelsin

Salt

Salatblad frå issalat eller frisésalat

Rist pinjekjerner i ei tørr steikepanne med ei klype salt. Når pinjekjernene er blitt pent brune kan du helle dei på ein tallerken.

Rør saman yoghurt og majones, og smak til med peppar. Ha i basilikum, timian og appelsinsaft. Rør godt saman, og ha i kyllingkjøtet, stangselleri og purre. Bland inn halvparten av det rivne appelsinskalet. Smak til med salt etter behov.

Smør brødskiver, og legg på salatblad. Legg på salaten, og pynt med rista pinjekjerner og rive appelsinskal.

IMG_5357Meksikansk kalkunsalat

200 g kalkun- eller kyllingkjøt

1 dl yoghurt

1 dl majones

2 ss hakka purre

2 ss hakka stangselleri

50 g maiskorn

1 finhakka raud chili

½ -1 ts chilipuré, t.d. sambal oelek

½ ts malt spisskummen

2 ss hakka fersk koriander

Salt

Ein avocado og salatblad frå issalat eller frisésalat

Bland saman yoghurt og majones, og smak til med chili og chilipuré. Vend inn stangselleri, purre, mais og kjøtet. Smak til med chili, spisskummen og salt. Smak på salaten. Er den for syrleg, så smak til med litt honning. Vend inn vel halvparten av den hakka korianderen.

Smør brødskiver, og dekk dei med salatblad. Del avocadoen i to, og skjer ut skiver. Legg avocadoskivene på salatblada, og så kalkunsalaten oppå der. Dryss over hakka koriander.

Leave a Reply