Kjøtt, Middag, Tilbehør
Kommenter innlegget

Marokkansk geitefilet


Eg er fast kunde hos Anni’s pølsemakeri, dei har utruleg gode pølser med ulike smakar og teksturar. Så nokre gode pølser derfrå med ein coleslaw og heimelaga potetmos er hurtigmiddagen heime hos oss.

Sist eg var der fekk eg med meg ein geitefilet heim, det var ei heilt ny råvare for meg. Vi har spist både svinefilet, lammefilet og reinsdyrfilet, men geit er sjelden vare. Slike freistingar klarer eg ikkje stå mot, så eg byrja med ein gong å drodle idéar om korleis eg skulle lage den til.

IMG_5525Geitekjøt er faktisk ganske vanleg i Afrika, så eg tenkte at ein marokkansk variant måtte vere bra. Kjøtet er mildt, men ikkje for nøytralt. Det er ikkje så markant i smaken som sauekjøt. Eg hadde eit glas mosa chili i kjøleskapet, og lagde ein harissakrydra filet med couscous.

Vel, det var planen, inntil eg oppdaga at vi ikkje hadde couscous i huset. Tabbe! Tørrvarer brukar eg å vere god på. Vi hadde ikkje bulgur eller quinoa ein gong, så no må det handlast tørrvarer, note to self. Men eg hadde ein pakke Kvarngryn, som eg har kjøpt på ein svensketur, og dei fekk vere med. Det er heile gryn av kveite, rug, bygg og havre som er forkokte, slik at dei treng berre tolv minutt koketid, står det på pakken. Det var nok ein tilsnikelse, eg kokte dei i tjue minutt før eg syntest dei var passe, men likevel. Dette er ein rask middag. Slik gjorde eg det:

IMG_5528Geitefilet med marokkansk krydring

700 g geitefilet

Salt og peppar

2 ts mosa chili, fersk eller frå glas

300 g couscous, bulgur eller andre gryn

4 dl god buljong, eg brukte oksefond

Ein halv raud paprika

Ein liten raud løk

Ein neve sukkererter

3 ss korintar

Sett steikeovnen på 160 grader.

IMG_5520Puss fileten. Då skjer du forsiktig bort alle hinner slik at fileten ikkje krympar når du steiker den. Dryss fileten med salt og peppar, og legg den til side.

Rens og kutt grønsakene fint. Kok gryna slik det står på pakken. Ha korintane i gryta saman med gryna når du byrjar å koke dei, slik at dei trekker til seg kraft. Rør i gryna slik at dei ikkje klumpar seg, det er særleg eit problem med couscous. Bland dei finhakka grønsakene inn i gryna, og legg på loket.

Steik fileten på alle sider på ganske høg varme i olje og smør, ca. eit minutt på kvar side. Fileten er ganske tynn, så ikkje steik den for lenge. Pensle fileten med chilipuréen. Grunnen til at eg ikkje steiker fileten i steikepanna med chili på er at då blir det lett brent.

Har du steikepanne med avtagbart handtak så set du berre pannamed den chilipensla fileten inn i ovnen. Viss ikkje, så legg fileten i eit eldfast fat, og la den ettersteike i fem-seks minutt. Kok ut panna med litt vatn, og sil det.

Server fileten skoren i tynne skiver, oppå ein liten haug med gryn på tallerkenen. Ringle over litt sjy.

This entry was posted in: Kjøtt, Middag, Tilbehør

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s