All posts tagged: urter

Skagenrøre


I dag har eg laga ein dansk-svensk spesialitet: Skagenrøre. Skagenrøra lagar eg med krepsehalar i lake, supplert med raud og lekker lodderogn. Finn du ikkje krepsehalar kan du bruke reker. Dei du pillar sjølv er dei beste til denne salaten. Skagenrøre passar godt på ein buffé der alle skal finne noko dei likar. Den er mjølkefri og glutenfri, og er eit alternativ for dei som vil spise mindre kjøt. Denne oppskrifta er også low fodmap. Den smakar fortreffeleg på toast, og har du laga ein stor porsjon kan du også bruke den i smörgåstårta, eller smørbrødkake. Skagenrøre 1 dl majones 2 ss finklipt fersk dill 2 ts sitronsaft 1 ts riven pepparrot, gjerne frå tube 50 g raud lodderogn/løyrom 200 g krepsehalar, avrent Salt og peppar Ha majonesen i ei romsleg skål, og ha i dill, sitronsaft, pepparrot og lodderogn. Vend inn krepsehalane. Får du ikkje tak i krepsehalar, kan du bruke rensa reker i staden. Smak til med salt og peppar.

Korleis dyrkar ein urter?


Og korleis kan du bruke dei urtene du har i maten? Ja, det er det mange som lurer på. Du opplever kanskje at urtene du kjøper i butikken døyr før du har komt inn døra heime. Og handlar du hos hagesenteret går det ikkje så mykje betre. Eller at urtebedet ditt vert invadert av mynte og spansk kjørvel, som kvelar alt det andre som står der. Eg har dyrka urter i mange år, og ikkje minst har eg prøvd å bruke fantasien for å finne nye måtar å bruke urter i maten på. Urter gir det aller meste eit løft, men ein kan ofte vere redd for at ulike smakar skal krasje eller bli feil når maten kjem på bordet. Etter mange rundar med prøving og feiling har eg funne metodar og oppskrifter som fungerer, og som eg gjerne delar. Dette gjer at eg har blitt invitert til å holde foredrag om urtedyrking for hagelag, foreningar og vennegjengar, og det er alltid like hyggeleg. Eg har også med stor suksess holdt kurs for utdrikningslag for deltakarar …

Det grønast ute


I urtebedet mitt sprutar det opp persille, salvie og timian, eit klassisk teikn på at vi har hatt ein mild vinter. Hagen min er skuggevend, og dermed hender det at dei finslege urtene takkar for seg om vinteren vert for kald. Men i år har det vore leveleg, og alt kjem opp som bestilt. Når ein skal dyrke urter er det ingen grunn til å gjere ting komplisert. Eg kjøper potter med urter enten på mitt lokale gartneri, eller ganske enkelt i matbutikken, viss eg finn eit frodig og fint eksemplar.  Så er det berre å vatne viss det vert tørt, og gjødsle nokre gongar i løpet av sesongen,  og dermed kan eg gå ut med saksa og klippe inn smaksrikdom gjennom heile hagesesongen. Og den er lang. Eg har eit bilde av mi venninne Hilde, som hentar inn timian til andebrysta på nyttårsaftan med hovudlykt og krafse for å få bort snøen. I dag lagde eg nokre saftige kyllingbryst som eg vende i ein deilig urteolje. Den same urteoljen brukte eg også som garnityr …

Kyllingwraps med coleslaw og avocado


Innimellom grovbrødskivene må vi ha litt anna mat og. Eg lagar ofte wraps, det er enkel og lettvint mat som er lett å variere. Dei grove variantane er fiberrike og gjev meg godt helsesamvit på toppen. I dag har eg fylt dei med steikt kyllingkjøtdeig. Kyllingkjøtdeig er ofte på tilbod, og er proteinrik og god mat. Supplert med salatgrønsaker og anna moro vert dette godt både som eit mellommåltid og som matpakke. Slik gjer eg det: Fylt grov wrap med kyllingkjøtdeig 4 grove tortillalefser 8 salatblad, eg brukte hjertesalat 2 tomatar 4 ss italiensk salat eller coleslaw Ein avocado Ein pakke kyllingkjøtdeig ½ ts tørka timian Salt og peppar Smør til steiking Varm opp steikepanna, og ha i smør. Ha i kyllingkjøtdeigen, og steik den gyllen. Dryss på i lita teskei salt og ei klype nykverna peppar medan du delar opp kjøtdeigen i små bitar med ein steikespade. Knus timian mellom fingrane, og dryss over. Hell kjøtdeigen på ein tallerken, og la den kolne. Legg salatblada på tortillalefsa slik at det er ca. 5 cm …

Urteaioli


Aioli er aldri feil, den passar som saus, på brødet og i ei god suppe. I dag proppa eg den med gode urter, det gir den endå rikare smak. Urteaioli 2 eggeplommer (frys kvitene, eller lag marengs med dei) 2 fedd kvitløk ½ dl jomfruolivenolje 3 dl nøytral olje 1-2 ss sitronsaft 1 lita ts salt ½ ts honning 3 ss hakka, friske urter, basilikum, oregano, timian, toppløk Press kvitløken, og bland alt som står over unntatt oljen saman i ein bolle. Bruk ein handmiksar, og miks ingrediensane over med nokre få dropar olivenolje.  Du kan byrje med ein god, kaldpressa jomfruolivenolje, ca. 1/2 dl.  Så tek du ein mildare olje, enten ein mild olivenolje eller ein annan smaksnøytral olje, til dømes raps eller soya, til saman 3 dl. Drypp i oljen medan du miksar jamnt og trutt. Det viktige for å få eit godt resultat er å byrje å ha i oljen dropevis og så auke på litt etter litt til du har rørt inn all oljen. Smak til med salt, litt sitronsaft, (syra …

Laks med sprø salat


Sjølv om kalenderen viser september skin sola rett som det er. Då gjeld det å nyte varmen og lyset så lenge det er her. I butikkane finn du lekre rotfrukter, frukt og bær, så du kan også nyte smakane av sommaren og. I dag har eg lagd ein lekker lakserett der eg brukar rotfrukter som salatgrønsaker. Då får du ein sprø, frisk og smaksrik salat som også mettar godt. Eg serverte laksen åleine saman med salaten og ein urtesaus, men du kan og servere poteter eller byggris til. Laks er vår tids fastfood, spesielt dei fileterte lakseryggstykka som du får kjøpt vakuumpakka og ferdige, klare for ein kjapp middag. Det har kome torsk i same type innpakning, så ferske, lettvinte fiskemiddagar er enkelt å få til, sjølv om det er billigare å filetere fisken sjølv. Filetert fisk treng minimal varmebehandling, og middagen er klar til servering på fem minutt. Det betyr at du bør vente med å lage til laksen til salaten og urtesausen er klar. Slik gjorde eg det: Laks med sprø salat 800 …