Billig mat, Middag, Supper, Veggis
Leave a Comment

Grønsakssuppe med gresskar

Eg fann eit flott flaskegraskar i butikken, og då passa det å lage ei deilig graskarsuppe. Suppa vart til slik min mat blir til, ved at eg ser kva eg har i kjøleskapet, og brukar det.

Ein kålskalk, ein squash som hadde sett sine beste dagar, nokre selleristilkar og ein løk vart med. Og så fann eg til og med nokre gulrøtter og ein attgløymd pastinakk. Å bruke fleire grønsaker i suppa gir den ein rikare smak, og ikkje minst får ein spist opp grønsaker som er på hell. Ein klassisk vinn-vinnsituasjon.

Har du ikkje det eg lagde suppe av, så bytt ut grønsakene med det du har. Men basen bør altså vere graskar, det gir den flotte, gule haustfargen. Slik gjorde eg det:

Graskarsuppe

Eit flaskegraskar eller 1 kg vanleg graskar

Tre gulrøtter

To selleristilkar

Ein kålskalk

Ein pastinakk

Ein squash

Ein gul løk

1 liter vatn

2 ss grønsaksfond eller to buljongterningar

Salt og peppar

Rens grønsakene, og del dei i passe store bitar, litt grovare enn til ein lapskaus. Ha dei i ei gryte, slå på vatn og ha i fond/buljong. La det heile koke opp, og la det koke til bitane er møre, det tek ca. 30 minutt.

Ta gryta til side, sett den gjerne på ei fjøl. Køyr suppa glatt med ein stavmiksar. Smak til med salt og peppar, og server suppa med eit godt brød og ein klatt crême fraïche eller seterrømme i. Droppar du rømmen og brukar vegansk buljong er dette ei vegansk suppe.

This entry was posted in: Billig mat, Middag, Supper, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply