Bryllup
Comments 2

Bordsettinga


Korleis ein plasserer gjestane til bords er gjenstand for intense diskusjonar.

For oss som har bikka førti, og som i tillegg hadde skikk og bruk som obligatorisk lektyre i barndommen, er det heilt innlysande at ein skal sitte annakvar mann og kvinne, og at gifte par skal splittast. Ein skal ikkje ha den ein et middag med til vanleg til bords i eit finare selskap.

For den yngre generasjonen er dette rekna som gamaldags og firkanta, dei plasserer par saman, og ikkje minst plasserer dei venneflokkar saman. For meg er dette heilt bakvendt, eit av hovudmåla mine med eit selskap er å bli kjent med nye menneske, og kanskje til og med få ein interessant og beleven bordkavaler, viss eg er heldig.

Men for å balansere desse omsyna fann vi ei anna løysing i vårt bryllup. Vi fordelte gjestane på bord, og satte par på same bord. På den måten kunne gjestane sjølve ta stilling til korleis dei satte seg. Det førte til at det vart forskjellige løysingar frå bord til bord, og det syns vi var uproblematisk. På enkelte bord tok nokre styringa, og fordelte folk rundt på plassane, på andre bord satte par seg saman, og vart sittande.

Når gjestane kom inn i gangen før festsalen var det stilt opp ei tavle med bordkorta fordelt på bord. På førehand hadde gjestane fått beskjed om å legge godt merke til kva bord dei høyrde til, og å finne sitt bord inne i salen.

Borda var merkte med namn frå quizlag vi kjenner eller er med på. Namnet på bordet sto på ei linje, og bordkorta var festa på ein blonde som strakk seg over heile bildet.

Ein annan ting vi gjorde var å skrive namnet på gjesten på begge sider av bordkortet. Det er sikkert fleire enn eg som har dårleg hukommelse når det gjeld namn, og det å kunne sjå namnet framfor personen er ei fin påminning.

Når eg har hatt selskap (eller vore i selskap) med bordkort har eg ofte oppmoda folk om å snu bordkorta sine. Men her trengde ein ikkje det, namnet sto på begge sider. Det var lite ekstra jobb, og eg oppnådde ein fin bonus ved at gjestane kunne sjå namna til kvarandre, og dermed huske dei betre.

2 Comments

  1. Lurt med bordkort med namn på begge sider. Det tenkte ikkje vi på då vi gifta oss i går.
    Elles så må eg innrømme at vi og er over 40, men dei andre reglane vi då burde kunne har visst gått oss hus forbi. Vi er dessutan eit lesbisk brudepar, og har derfor eit litt fjernt forhold til annankvar kvinne/mann-opplegg generelt. 🙂
    Vår løysing var å plassere folk på 8-mannsbord. Alle fekk sitte med kjæreste/samboar/ektefelle dersom dei hadde slikt, alle var på bord både med nokon dei kjente frå før og nokon dei ikkje kjente frå før. Lydnivået i lokalet var høgt frå første stund og både 4- og 74-åringane såg ut til å ha det heilt utmerka.

    Gratulerer med vel overstått bryllaup!

    Likar

  2. frktone says

    Jeg har et lite stykke igjen til førti, men har lært av min strenge farmor at forlova par får sitte sammen, men gifte splittes (hun sleit litt når den yngre garde ble samboere, men endte med å definere det som forlova). Jeg liker at man deles.

    Tror ikke det bare er en generasjonsgreie forresten, da min søster gifta seg hadde de tenkt å la folk sitte der de ville. Min mor og jeg forskrekket på hverandre og tvang gjennom en bordplasseringslunsj.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s