No gjeld det å nytte høvet, det er graskar over alt!
Og ikkje er dei spesielt dyre heller, så det er berre å kaste seg utpå, og lage masse morosamt med graskar. Du kan til dømes kutte dei i terningar, vende dei i olje og krydder saman med selleri, gulrøtter og løk, og bake det heile i omnen ein times tid. Det blir eit utruleg godt tilbehør. Har du ein hang til det avanserte kan du sylte graskarterningar i eddiklake, og krydre med stjerneanis, nellik og peppar.
I dag er mitt graskartips ei deilig suppe, som varmar, mettar og lyser opp med den vakre, gule fargen. Graskar vert fort mørt når du kuttar det i ganske små terningar, så suppa er ferdig på ein snau halvtime.
Om ei veke er det halloween, og då er det mange som skjer ut graskar med morosame eller skumle fjes, alt etter humør. Husk at det du skjer ut av graskaret også kan bli med i suppa. Eg fjernar frø og trådar med eit melonkulejern, og så går eg laus på graskaret innvendig, og skraper ut alt eg kan få ut. Grunnen til det er at slike graskar som oftast er ganske tjukke, og tunge å jobbe med når ein skal skjere ut mønster. Når du har fjerna ein del av graskarkjøtet blir det mykje lettare å få til fine ansikt, og presise kutt. Så ta vare på det du får ut av graskarkjøt, og ha det i ein bolle til du lagar suppa.
Dersom du skal ha svoltne folk til middag, kan du også hive ein neve linser eller to i gryta. Det gjer den endå meir mettande, og dei kokar nesten like fort som graskarterningane. Du kan også ha i andre grønsaker du måtte ha liggande, gulrot, persillerøtter, stangselleri eller purre passar perfekt, rens og kutt i små bitar, og la det koke mørt saman med graskarkjøtet.
Graskarsuppe
1 kg graskarkjøt
1 stor, gul løk
2-3 fedd kvitløk
2 ss smør
½ ts peppar
1 ts malt spisskummen
2 dl kvitvin
8 dl vatn
2 buljongterningar eller 2 ss fond
2 dl kremfløte
Rens graskaret, og fjern hinner og trådar. Kutt det i cm-tjukke terningar, og sett til side.
Rens og finhakk løk og kvitløk. Smelt smøret i ei romsleg gryte, og ha i løk og kvitløk. La det frese til det byrjar å bli gyllent. Ha i peppar og spisskummen, og la det frese litt før du har i graskarkjøtet. Slå på vin og la det frese litt før du slår på vatn, fond/buljong og fløte. La suppa koke til graskaret er mørt. Køyr den glatt med stavmiksar, og server med hakka urter, brødkrutongar eller berre skiver med ferskt, godt brød.