”Det e so snerte”, brukte ei tante av meg å seie når ho hadde funne ein ny og praktisk måte å gjere ting på. Eg syns det er eit svært treffande uttrykk, og elskar alt som er ”snerte”, altså enkelt og lettvint.
No når jula snart står for døra og det tetnar til med julebord, avslutningar, marknader og andre samanstøt av ulikt slag må ein gjere det litt snerte. Då tek eg meg god tid ein søndag, og bakar nokre posar fulle med desse knallgode snurrane. Dei er så enkle å ta i handa når ein spring ut døra, dei går i matpakken, og dei kan til og med vere familiens bidrag til ein klassefest som kom litt brått på.
Eg lagar ein slags pizzadeig, og her kan du variere kor grovt mjøl du brukar. Eg brukar ofte ei blanding av kveitemjøl og fint sammale mjøl, det gjer snurrane meir mettande, og gjev litt meir fiber i kosten. På den utkjevla leiven smører eg ein oliventapenade eller ein raud pesto, og snurrar saman til fine, passe små porsjonar. Tapenade kan brukast til mange fleire ting enn snurrar, den er også god på toast, i ostesmørbrød og utspedd som salatdressing.
Eg legg snurrane i slike kanelbolleformer, då er eg trygg på at dei ikkje grisar til omnen min. Server snurrane som dei er, eller med ein god salat til, viss du har tid.
Raud pesto
200 g tørre soltørka tomatar
100 g parmesan
100 g pinjekjerner
Olivenolje
Legg tomatane i bløyt i ei gryte i nokre timar. La dei få eit kjapt oppkok i bløytevatnet. Sil frå tomatane, og bruk tomatkrafta i ein bolognese eller i ei suppe.
Ha dei bløytte tomatane i ei matmølle saman med riven parmesan. Eg riv parmesanen fordi viss eg har den i i bitar vert det så fort osteklumpar i pestoen. Rist pinjekjernene på tørr steikepanne til dei er pent brune, og ha dei i matmølla. Køyr alt glatt. Spe med olivenolje til massen får ein fin konsistens.
Tapenade
Ein gul paprika
300 g avrente grønne oliven utan stein, gjerne med paprika i midten
2 ts provence-krydder
3 fedd kvitløk
6-8 ansjonsfiletar pluss laken
1 dl olivenolje
1 ss kapers
Sett steikeomnen på 220 grader. Del ein gul paprika i to, og legg den på bakepapir i ei eldfast form. Bak den på 220 grader i 20-25 minutt til den er svartbrent. Ta den ut, og legg eit klede over. La den kolne. Bruk fingrane, og fjern stilkfestet, frø og hinner og skalet. Kutt paprikakjøtet i små terningar. Finhakk oliven, kvitløk, kapers og ansjos, og rør inn krydder. Vend inn den hakka paprikaen til slutt. Du kan også køyre dette i matmølle, det går fortare, og gir ein glattare konsistens.
Deig til snurrar
5 dl lunka vatn
1 ts salt
2 ss olivenolje
2 ts tørrgjær
2 ts honning
Mjøl, gjerne halvparten fint og halvparten sammale, til passe deig
Egg til pensling
Ha alle ingrediensane unntatt mjølet i ein kjøkkenmaskin. Ha i mjølet litt og litt, og elt godt til du får ein smidig deig. La deigen heve i 40 minutt.
Kjevle deigen ut i eit stort kvadrat. Smør på pesto eller tapenade på leiven, og dryss på finhakka urter om du har. Rull leiven saman til ei pølse. Bruk ein skarp, sagtanna kniv, og skjer ca. 2 cm tjukke skiver av den som du legg i litt vide former. Pensle dei med eit samanpiska egg. La snurrane heve i 30-40 minutt.
Steik snurrane på 220 grader i 15-20 minutt til dei er gylne.